Hopp til innhold

Nye Tungestølen har fått sine første millionar

Det nye hytteanlegget som er planlagd på Tungestølen i Luster vil koste 18,5 millionar kroner. No er dei første tre millionane i boks.

Tungestølen Snøhetta

STORE PLANAR: Luster Turlag og Den Norske Turistforening har tenkt stort når dei har jobba for å bygge opp igjen hyttemiljøet på Tungestølen.

Foto: Snøhetta

Etter at DNT-hyttene på Tungestølen i Veitastrond vart rasert av orkanen Dagmar i romjula 2011, har det blitt jobba for å byggje opp att hyttemiljøet. I fjor haust vart det kjend at arkitektfirmaet Snøhetta vann konkurransen om oppdraget med å teikne den nye turisthytta.

Stein Bugge Næss, Luster turlag

OVERRASKA: Stein Bugge Næss i Luster Turlag hadde aldri venta ein sum på tre millionar frå den lokale banken.

Foto: Privat

No er Luster Turlag offisielt i gang med pengejakta, og det første bidraget kom frå Luster Sparebank, med ein sum på tre millionar kroner.

– Det er dei første vi heilt formelt har spurt om pengar, og når dei kjem attende med tre millionar på sparket, så er det flott for Luster Turlag. Det gjer oss optimistiske til å gå vidare og skaffe mykje meir midlar, seier Stein Bugge Næss i turlaget.

Avhengige av store sponsorar

Det nye hytteanlegget skal etter planen ha 50 senger fordelt på sju større og mindre bygg, og ei serveringsavdeling med kapasitet til 60 gjestar. Men framleis er vegen land, for dette vil totalt koste 18,5 millionar kroner.

– Visst er det lang veg. Vi er nok avhengige av fleire store sponsorar for å få dette til, men eg trur nok det finst mykje pengar ute, og vi kan også søke om spelemidlar frå Norsk Tipping, og pengar frå ulike stiftingar, seier Bugge Næss.

Nye tungestølen

ANNLEIS: Arkitekturen frå Snøhetta har fått både positive og negative tilbakemeldingar.

Foto: Snøhetta

Banksjef Oddstein Haugen seier det er viktig for Luster Sparebank å støtte opp om lokalsamfunnet.

– Nye Tungestølen er viktig for Luster og heile Sogn. Det er ei stor investering Luster turlag skal gjere på Veitastrond, og då var det nødvendig å bidra med ein stor sum, slik at nye Tungestølen blir realisert.

Kan i verste fall dele opp prosjektet

Innsamlingsaksjonen er heilt i startgropa. Ifølgje Bugge Næss i turlaget har dei også presentert planane sine for Luster formannskap, som har signalisert at dei vil stille opp med ein millionsum.

Tungestølen
Foto: Hildegunn S. Heggestad

Men akkurat no står dei med tre millionar, og må framleis skaffe 15,5 millionar.

– Vi lyt vere optimistar. No er dette eit anlegg med ni hus, og skulle det vise seg at det er umogleg å finansiere alt dette så kan ein dele opp anlegget, seier han, men peikar på at både Den Norske Turistforening og Snøhetta har sagt seg villige til å hjelpe turlaget med å skaffe pengane som trengst.

Banksjefen meiner nye Tungestølen vil ha stor verdi for turistnæringa, og er optimist.

– Vi er veldig imponerte over jobben Luster Turlag har gjort, og at dei torer å ta på seg eit så stort prosjekt som Nye Tungestølen er. Eg håpar og trur at dei greier det.

Tungestølen Snøhetta

SLIK SKAL DET BLI: Planen er eit nytt hytteanlegg med ni bygg.

Foto: Snøhetta