Hopp til innhold

Vil satse 12 millionar på å byggje opp att Tungestølen

Den Norske Turistforening vil satse millionar på å byggje opp att hyttemiljøet på Tungestølen på Veitastrond.

Tungestølen

NYE BYGG: Slik ser DNT for seg at dei nye hyttene kan sjå ut, hytter i tradisjonell form, men med eit moderne uttrykk. Biletet til høgre viser korleis det ser ut etter at orkanen Dagmar herja for litt over to år sidan.

Foto: Hildegunn S. Heggestad/ Oxygen Design AS

Anne Mari Aamelfot Hjelle, assisterende generalsekretær i Den Norske Turistforening

TRUR PÅ NYE HYTTER: Assisterande generalsekretær i DNT, Anne Mari Aamelfot Hjelle, har engasjert seg for å byggje opp att hyttemiljøet på Tungestølen.

Foto: Privat

DNT-hyttene på Tungestølen blei rasert av orkanen Dagmar i romjula 2011. Assisterande generalsekretær i DNT, Anne Mari Aamelfot Hjelle, vonar at prosjektet kan stå ferdig alt i 2015.

– Vi skaper på ein måte den gamle Tungestølen, men på same tid ein ny. Det er vi veldig opptekne av å få til, seier ho.

Rasert under Dagmar

Grunnmuren

RASERT: Orkanen Dagmar kom natt til 2. juledag i 2011 og la området flatt.

Foto: Gabrielle Neset

Tungestølen turisthytte var i over 100 år eit viktig knutepunkt for fjellfolk, men så kom orkanen Dagmar natt til 2. juledag i 2011 og la området flatt. No vil Den Norske Turistforening byggje opp att Tungestølen med fleire nye bygg for servering, overnatting og opplevingar nær den mektige brenaturen.

– Det som prosjektrapporten seier, er at staden skal oppfattast som eit stølsområde. Sjølv om det ligg på toppen og har ein unik plassering, så vil vi veldig gjerne at det skal passe inn. Området må også ta inn i seg noko nytt arkitektonisk, seier ho.

Kommunen er positiv

Satsinga på eit nytt senter for fjellturisme på Veitastrond har brei støtte, både i DNT-systemet og ikkje minst i Luster kommune. Nyleg var DNT og kommunen i møte om Tungestølen, og ordførar Ivar Kvalen er glad for at det no går mot ei løysing.

– Dette er noko vi har hatt lyst til skal skje heile tida. Det har vi også signalisert ovanfor DNT. Kommunen ønskjer å få etablert ei hytte på Tungestølen og vi har signalisert ovanfor DNT at det er naturleg for kommunen å bidra med noko, seier han.

Tungestølen i gamle dagar

GAMLE DAGAR: Slik såg det ut på Tungestølen før i tida.

Skal bli moderne og miljøvennleg

Skisse over Tungestølen

FORSLAG: Denne skissa viser korleis området kan bli etter det er utbygd.

Medan den gamle turisthytta var prega av tidas tann, skal dei nye bygningane på Tungestølen vere moderne og tilrettelagt for mellom anna meir miljøvenleg energiutnytting. DNT ønskjer også å forlenge sesongen med å bruke det nye sovehuset som ubetjent turisthytte utanom sommarmånadene.

Bøygen ligg no på finansiering av prosjektet, som er kostnadsrekna til om lag 12 millionar kroner.

– Det har eg ikkje alle svara på enno. Pengane er sjølvsagt det store spørsmålet, og no har vi så vidt kome i gang med tankegangen. Vi veit at vi kan hente litt frå kommunane, seier ho.

Leitar etter pengar

Tippemidlar, fondsmidlar og støtte frå privatpersonar som til dømes DNT-velgjerar Olav Thon kan og bli viktig for å skaffa dei midlane som trengst.

– Vi vil leite etter ein som vil leggje att litt av sjela si på Tungestølen og som også har pengar, seier ho.

Anne Mari Aamelfot Hjelle har engasjert seg som privatperson i prosjektet, ikkje berre som tilsett i DNT. Og den nye turisthytta og dei andre bygningane skal i framtida eigast og drivast av Luster turlag.

– Vi har eit håp om å setje ned ein grunnstein i sommar utan at vi startar bygginga. Det vil markere ein start sjølv om vi ikkje er i mål med finansieringa. Våren blir ein viktig periode, der vi vil jobbe mykje i mange retningar. Draumen er å få det til i 2015, seier ho.