Det har lenge vore knytt stor uvisse til planane om eit nærsjukehus i Florø. Bremanger har sagt nei til å garantera pengar til prosjektet som skal vera eit spleiselag mellom Helse Førde og Flora og Bremanger kommunar. På fredag truga difor Helse Vest med å be helseministeren skrinleggja nærsjukehusplanane dersom ikkje politikarane i Bremanger ombestemte seg.
Garantiar
Men sidan Flora og Bremanger kommunar no garanterer å yta årlege driftstilskot på inntil 4,5 millionar kroner, er føresetnadene på plass for å starta opp nærsjukehuset, sier styreleiar Tore Thorsnes i Helse Førde.
Skepsis
Helse Førde må kutta dramatisk i sjukehusdrifta i Sogn og Fjordane for å koma i økonomisk balanse innan utgangen av 2005, slik staten krev. Opprettinga av eit nærsjukehuset er difor møtt med skepsis frå Helse Førde.