Hopp til innhold

Ny utstilling skal hylle barnebarnet til Nikolai Astrup

Nikolai Astrup Geelmuyden var barnebarnet til den kjende målaren Nikolai Astrup frå Jølster. Også barnebarnet vart ein anerkjend kunstnar og får no si eiga minneutstilling i Førde.

Gunnstein Brakestad

MINNEUTSTILLING: Gunnstein Brakestad er leiar i Sunnfjord Kunstlag.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– «Reisen tilbake» er ei minneutstilling om Nikolai Astrup Geelmuyden, altså barnebarnet til Nikolai Astrup, og som døydde i 2015, seier Gunnstein Brakestad som er leiar i Sunnfjord Kunstlag.

Nikolai Astrup Geelmuyden vart fødd i Masfjorden i Hordaland i 1931, og er son av eldste dotter til Nikolai Astrup. Tittelen på utstillinga er henta frå eit av bileta i utstillinga.

– Dette er ei stor grafikkutstilling på meir enn 60 arbeider som skal visast i festsalen i Førdehuset, seier Brakestad.

Ein plaga mann

Nikolai Astrup Geelmuyden fekk giktfeber allereie som 4-åring og var ein på mange måtar plaga mann. Han slite med dette heile livet, i tillegg til at han også var involvert i ei alvorleg trafikkulukke 1985, og dei siste 30 åra av sitt liv sat han i rullestol.

– Likevel utvikla han seg heile tida som kunstnar. Han sto fram som ein svært markant og dyktig kunstnar innanfor det nonfigurative på 2000-talet. Faktisk hadde han jobba med dette sidan midten av 1960-talet, men hadde liksom aldri drista seg til å vise det fram.

Nikolai Astrup Geelmuyden

TROSSA MOTGANG: Sjølv om Nikolai Astrup Geelmuyden hadde store helseplager vart han sjølv ein anerkjend kunstnar og hausta gode kritikker, særleg for dei abstrakte og nonfigurative bileta sine.

Foto: Bård Siem / NRK

Som kunstnar starta Astrup Geelmuyden med det romantiske kunsten. Han måla mykje landskapsbilete, men var samstundes ganske ulik bestefaren.

– Han utvikla seg til å etter kvart gå over frå typiske landskapsbilete til å måle mykje dyr og menneske i svært sterke ekspressive bilete. Sterke fargerike bilete som vi vil kunne sjå på utstillinga.

På 2000-talet gjekk han så svært inn i det nonfigurative. Han har i dag ei stor permanent utstilling på eit galleri på Hamar. Dette er ei rein grafikkutstilling og ei salsutstilling.

Droppa Astrup-namnet

Nikolai Astrup Geelmuyden vart fødd tre år etter at Nikolai Astrup døydde. Men som ganske ung budde han seks år i Jølster. Der øvde han seg ved å kopierte bestefaren. Han og selde også nokre bilete som var i same stilen som bestefaren.

– Så vart han oppmuntra til å finne sin eigen stil. Han erfarte vel også at han fekk betre betalt for å male sine eigne bilete, enn for å kopiere bestefaren, seier Brakestad.

Brakestad fortel at Astrup Geelmuyden i starten av karrieren kjende det som ein fordel å vere barnebarnet til Nikolai Astrup, men då han seinare vart etablert og hadde skaffa seg utdanning som kunstnar opplevde han tidvis at Astrup-namnet også kunne vere ei ulempe.

– Difor så signerte han mange av bileta sine med Nikolai A Geelmuyden. Han droppa Astrup-namnet fordi han opplevde at det kunne bli ein klamp om foten for si eiga utvikling, seier Brakestad.

– Kor kjend er Nikolai Astrup Geelmuyden som kunstnar i Norge?

– Han er nok ikkje veldig kjent. Men han har hatt ein del separatutstillingar og har opparbeid seg eit bra namn, spesielt innanfor det abstrakte og det nonfigurative. Der fekk han svært bra kritikkar, blant anna av Lars Elton som er fast kunstkritikar i Dagsavisen.