Tankskipet skal byggast for Atlanship i Sveits. Eitt år etter levering av førre skipet sikrar kontrakten med Atlanship at det på nytt blir nybygging av skip i dei store verkstadhallane og i dokken i Florø.
300 tilsette
Hovudtillitsvald Audun Grønnevik har grunn til å smile. MMS-foto Ragnhild Eikenes
Verftet har hatt ein lengre periode utan kontraktar og har sagt opp mange av dei tilsette. Sidan november i 2003 har dei bygd modular for dei norske fregattane i tillegg til reparasjonar, og har for tida 108 tilsette. Dei nye kontraktane gjer at selskapet blir bemanna opp til nærare 300 tilsette.
Kontraktane vil òg føre til at det blir ny drift ved avdelinga i Førde. (Sjå "Kleven sel Førde-verftet".)
Vesentleg del av fregattane
Det er inngått ei utvida avtale med Izar som byggjer dei norske fregattane. Avtala inneber at Kleven Florø skal byggje ein vesentleg del av dei to siste fregattane til marinen.
Administrerande direktør Gustav Johan Nydal har grunn til å vera nøgd. Foto Steinar Lote NRK.