Steinar Kulen
I framtida vil 40 prosent av arbeidarane på verftet vere tilsette som er innleigd frå andre firma. Det seier administrerande direktør Steinar Kulen i Kleven Maritime.
- Den enkle delen av produksjonen vil vi setje ut på anbod til selskap, både norske og utanlandske. Grovt rekna trur eg at det vil dreie seg om 200 årsverk, seier han.
Kraftig auke
Per i dag er det 30 polske arbeidarar ved verftet i Florø. Men framover vil dette auke kraftig. Leiinga trur at dei innan nokre år ved verftet i Florø vil ha ca 300 personar som er lokalt tilsette, medan polske og andre eksterne arbeidarar vil utgjere ca 200 personar.
Høgt kostnadsnivå
Kleven Florø har i lag med Klausen Mekaniske Verkstad i Holmedal etablert selskapet Skanpol i Polen som utfører oppdrag for å få ned kostnadane i Norge. Og årsaka til dette er det høge kostnadsnivået i Norge.
- Dette er ein prosess som har pågått i lang tid for å få kostnadene ned. Dette vil auke kapasiteten vår og samtidig gjere oss meir konkurransedyktige. Det er heilt naudsynt å gjennomføre denne omlegginga av produksjonen, seier Kulen.
Fellesforbundet er uroa
Fellesforbundet er uroa over at stadig fleire utlendingar overtek jobbane på skipsverfta. Ved mange verft utgjer utanlandske tilsette no opp mot 40% av arbeidsstokken. Det seier organisasjonsarbeidar Jan Olav Gjerde i fellesforbundet. Han trur utviklinga vil øydelegge for rekrutteringa av norsk arbeidskraft og at næringa grev si eiga grav.
For få lokale arbeidarar
Verftsdirektør ved Havyard Leirvik, Torleif Mongstad, seier den absolutt billigaste arbeidskrafta dei har er dei som bur i Leirvik og arbeidar fast for dei. - Men vi er komen i den situasjonen at vi er avhengig av å hente ekstern arbeidskraft, for det er for få lokalt, seier han.