Hopp til innhold

Mann har sete varetektsfengsla fem månadar i ny stor narkosak

Ein mann busett i Sunnfjord har sete fem månader varetektsfengsla i samband med ei større narkotikasak.

Lisa Førde Refsnes

STOR SAK: Politiadvokat Lisa Førde Refsnes seier at politiet reknar narkotikasaka som stor.

Foto: Dag Nesbø Frøyen / Firdaposten

Mannen vart 11. juni i år arrestert saman med ein kamerat i Flora. I bilen fann politiet 1,2 kilo hasj og 9.000 kroner.

Begge vart fengsla tre dagar seinare, men den eine vart sleppt fri etter halvannan månad.

– Vi etterforskar saka ut ifrå at dette har vore ein sentral omsetnadskanal i Sunnfjord. Saka blir behandla som ei større sak, seier politiadvokat Lisa Førde Refsnes til NRK.no.

Strafferamme på ti år

Politiet har siste året avdekka fleire store narkotikasaker i Florø, Høyanger og Gloppen. Dei to mennene som vart arresterte i juni er i utgangspunktet sikta for brot på straffelova § 162 1. ledd jamfør 2. ledd. Strafferamma er fengsel i inntil ti år. Denne siktinga er endra undervegs, utan at Førde Refsdal ynskjer å kommentere kva som ligg i det.

Ho stadfestar likevel at etterforskingsarbeidet har ført til fleire pågripingar og beslag i saka. Politiadvokaten seier det er storleiken på saka som gjer at etterforskinga har teke lang tid.

– Saka er etterforska breitt taktisk og teknisk, men av omsyn til etterforskinga ynskjer eg ikkje å kommentere omfanget på saka, seier Førde Refsnes.

Arresterte i Flora

Dei to mennene vart på gripne på veg frå Florø. Mannen, som framleis sit fengsla, var passasjer i bilen. Han har erkjent at stoffet var hans. Mannen skal også ha sagt at bilføraren ikkje var kjend med stoffet.

Forsvararen til bilføraren, Aasmund Olav Sandland, seier hans klient stiller seg uforståande til siktinga.

Politiet har også beslaglagt nær 500.000 kroner som dei meiner bilføraren har tent på omsetning av narkotika. Dette er eit beløp mannen ikkje kunne forklare, og som var ukjent for ektefellen hans.

– Ikkje fare for oversoning

Abdelilah Saeme

FORSVARAR: Abdelilah Saeme.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Om det er gjort pengebeslag i høve til det varetektsfengsla mannen er ukjent. Førde Refsnes seier dei håpar å ha klar ein tiltale i løpet av månaden. Det er sett av fire dagar til saka som allereie er førehandsberamma til over nyttår.

Politiadvokaten seier at dei ynskjer å halde på den varetektsfengsla mannen til saka kjem opp. Dei fryktar mannen kan flykte frå landet. Forsvararen hans, Abdelilah Saeme, vil førebels ikkje vere kritisk til at klienten hans framleis sit fengsla.

– I utgangspunktet tykkjer eg ikkje særleg om det, men førebels er det ikkje fare for oversoning i høve til det han har tilstått. Likevel er det byrja å synge på siste verset, seier han.

Ventar reaksjon

Klienten hans vart sist fengsla for fire veker i slutten av oktober. Han samtykte då til at varetektsfengslinga gjekk som kontorforretning.

Det er uvisst om mannen vil krevje å få møte i retten når varetektsfengslinga kjem opp på nytt.

– Vi håpa på ei avklaring om kva politiet meiner han har gjort i løpet av denne perioden. Han har erkjent siktinga i høve til besittelse og ventar reaksjon på det. Utover vel vi å avvente ein tiltale, seier Saeme.