Hopp til innhold

Par dømde for sal av narkotika

Eit par i Sogn er dømde for kjøp og sal av narkotika. No må begge i fengsel.

På berre nokre månader beslagla politiet i Sogn og Fjordane narkotika for opp under ein million kroner. Totalt var nær 70 personar involverte.

No er eit sambuarpar i Sogn dømde i ei av sakene. Politiet mistenkte at mannen var involvert og avlytta telefonsamtalane hans.

Mannen i 40-åra fortalde i Fjordane tingrett at aukande økonomiske problem var årsaka til at han opptok kontakten med eit tidlegare narkomiljø og byrja med omsetnad av hasj. Han sa seg skuldig i nokre av tiltalepunkta, men retten fann han skuldig på alle punkta.

Fann hasj i garasjetaket

Heime hos paret beslagla politiet 3,3 kilo hasj med ein verdi på 150 000 kroner. Dette var gøymt i taket på garasjen. Her blei det også funne nesten 50 000 kroner i kontantar. Det blei også funne ei mindre mengd med hasj inne.

Meiner mannen var mest sentral

Mannen erkjende berre at han hadde kjennskap til mellom eitt og halvannan kilo med hasj. Han meinte resten måtte vere plassert der av andre. Dette trudde ikkje retten noko på.

Kvinna i 30-åra seier ho berre hadde kjennskap til hasjen som var inne i huset, i tillegg til om lag 400 gram i taket på garasjen. Heller ikkje dette festa ikkje retten lit til.

Retten finn det også bevist at mannen har seld minst 1,5 kilo hasj og at den beslaglagde hasjen var meint for sal. Dei meiner også han har vore sentral når det gjeld innkjøp og i kontakten med kundar.

Smugla narkotika i kroppen

Han blei også dømd for forsøk på kjøp av 1000 narkotiske tablettar frå utlandet. I haust blei han stoppa på veg heim frå Amsterdam. Politiet fann hasj innpakka i kondom. Dette var gøymt i eit hulrom i kroppen.

Under ein køyretur frå Oslo til Sogn, blei mannen stoppa av politiet og det blei funne om lag 94 gram hasj. Han har også oppbevart 2800 polske sigarattar som var ulovleg innført til landet.

Mannen er dømd 10 gonger før, fleire gonger for narkotikalovbrot.

Kvinna blei dømd for å ha vore med på oppbevaring av hasjen og sal. Retten meiner ho har hatt ei mindre sentral rolle enn mannen. Ho blei frikjend for ha smugla og seld tablettar, men dømd for å ha oppbevart dei utanlandske sigarettane.

Begge må i fengsel

Mannen blei dømd til fengsel i to år og seks månader. Det er også inndrege 80 tablettar og ein del anabole steroidar. Han sat 101 dagar i varetekt, og dette blir trekt frå.

Kvinna blei dømd til eit år fengsel, der seks månader er på vilkår. Av dei seks månadene ho må sone i fengsel, blir det trekt ifrå 97 dagar som ho sat i varetekt.

Politiet har inndrege til saman 100 000 kroner frå dei to.