Hopp til innhold

40 personar involverte i narko-sak i Gloppen

Politiet i Gloppen har rulla opp ei narkotikasak med 40 involverte personar. Halvparten av dei er heimehøyrande i Gloppen.

Nils Ove Roset, lensmann i Gloppen

IKKJE BETRE: Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset, minner om at Gloppen korkje er betre eller verre enn andre kommunar når det gjeld narkotika.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi snakkar om ei vesentleg mengde amfetamin og kjøp og sal over lengre tid. Dette er ei alvorleg sak, seier lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset til Firda Tidend.

Det skal vere snakk om éin person som har selt stoff. Dei andre personane er kjøparar av større og mindre kvanta.

– Bakmannen vart pågripen rett over nyttår og har site fire månader i varetekt. Saka hans kjem oppi Fjordane tingret rett over sommaren, seier Roset til avisa.

Eit stort nettverk i Nordfjord

Strafferamma for andrehands narkotikabrotsverk er på inntil ti år fengsel

Roset karakteriserer saka som den mest alvorlege narkotikasaka politiet i Gloppen har etterforska.

– Vi snakkar om ei lang og grundig etterforsking. Det er eit stort nettverk i Nordfjord som har kjøpt og brukt stoff, seier Roset.

Han meiner det er på sin plass å minne folk på at det er narkotika i Gloppen som alle andre stader.

Folk har handla til eige bruk

– Vi ønskjer å ha kontroll over miljøet og ta dei som kjøper og sel. Narkotika er verkebyllen i samfunnet i dag, seier Roset, og understrekar at Gloppen korkje er betre eller dårlegare stilt enn andre kommunar.

Eit tosifra tal personar er allereie dømde i saka, som i første rekkje dreier seg om omsetjing av amfetamin.

– Kjøparane har handla til eige bruk. Mange brukar stoffet til festrus og kjøper i helgane, men det er òg dei som kjøper og brukar fast, seier politibetjent ved Gloppen lensmannskontor, Roar Bøe.