Normal

Senegalesisk spiss har signert toårskontakt for Sogndal

Den senegalesiske spissen Malick Mane har signert ei toårs-avtale med Sogndal Fotball.

ELITESERIEN FOTBALL ELITESERIEN FOTBALL MOLDE - SANDEFJORD

KLAR: Malick Mane er klar til å bøtte inn mål for sogneklubben.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Det skriv klubben på sine nettsider.

Mane starta karrieren sin i Casa Sports før han gjekk til Sandefjord Ballklubb. Han spelte tre sesongar i Sandefjord før han vart lånt ut til kasakhstanske FV Aktobe.

No er han klar for innsats på Fosshaugane.

– Me er glade for at han er komen til klubben. Han har ein god CV og har absolutt kvalitetane som ein god fotballspelar skal ha, seier spelarutviklar Håvard Flo til sogndalfotball.no.

Sogndal har i lengre tid vore på jakt etter ein spiss, og kan no ha fått på plass spelaren som har mangla i troppen til nytrenar Jonas Olsson.

Vegopning på Bergum i Førde kommune