Det har vore store utskiftingar i Sogndal siste månadene. Til saman har åtte spelarar reist frå Sogndal, og no kan Henrik Furebton bli den niande.
Sjølv om det på same tid berre har kome til tre nye spelarar, meiner både trenar Jonas Olsson og toppspelarutviklar Håvard Flo at situasjonen er heilt under kontroll.
- LES OGSÅ:
Har ikkje konkrete spelarar i kikkerten
Sidan siste seriekamp mot Molde i slutten av november har åtte spelarar takka for seg i Sogndal Fotball. I same periode har berre tre nye spelarar kome motsett veg og er klare for å kjempe med den kvite Sogndaltrøya i tippeligaen ved sesongstart.
No har også midtbanespelaren Henrik Furebotn sagt at han vil vidare, og ting tyder på at han kan bli selt allereie i vår. Toppspelarutviklar og assistenttrenar Håvard Flo meiner likevel ikkje at situasjonen i klubben er vanskeleg.
– Det vil alltid vere slik i fotballen at nokon går og nokon kjem, seier han til NRK.no.
Han presiserer at overgangsvindauget framleis ikkje er stengt, men på spørsmål om han har konkrete spelarar i sikte svarar han følgjande:
– Ikkje som eg kan seie her og no, men vi er alltid oppdaterte på marknaden, seier Flo.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Har berre fire spissar
Spesielt i angrepet er det ikkje veldig trengsel om plassane. Tore André Flo, Ulrik Flo, Joakim Rudolfsen og nysigneringen Stian Dyngeland er dei fire angriparane som kjempar om dei to spissplassane i det som truleg blir ein 4-4-2-formasjon under Jonas Olsson.
Og på ein lang sesong kan fire spissar bli litt i minste laget, i alle fall når ein veit at Rudolfsen gjekk skada stort sett heile fjoråret.
– Vi har alltid spelarar på blokka, i tilfelle det skjer noko med våre spelarar. Det kan vere at dei bli skada eller at dei forsvinn, seier Olsson.
Han seier Sogndal prøver å finne seg endå ein spiss, men om det ikkje skjer er han nøgd med laget som det er.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: