Hopp til innhold

Ny mann sikta i Dark Room-saka

Ein mann i 40-åra frå Sogn og Fjordane er varetektsfengsla i fire veker i samband med den pågåande «Dark Room»-etterforskinga.

Dark room

NYTT NAMN: Etterforskingsarbeidet i prosjekt «Dark Room» har leia politiet til ein ny mann i Sogn og Fjordane.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Mannen vart pågripen torsdag og dagen etter varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.

To av vekene er med full isolasjon. Mannen samtykka til fengslinga.

– Vi bad om det av omsyn til etterforskinga. Vi er veldig tidleg i etterforskinga, så det er vanskeleg å få eit bilete av omfang av saka og om andre kan vere involverte, seier politiadvokat Kristine Bu.

Dark Room

Utover at mannen er sikta for å ha overgrepsbilete av born, ynskjer ikkje Bu å kommentere omfanget av siktinga mot mannen.

Ho seier også at det er for tidleg å seie om fleire kan bli pågripne i samband med saka.

– Det er slikt som blir meir klarlagt i den vidare etterforskinga og gjennomgang av beslaga i saka, seier ho.

Nasjonale nettverk

Bu stadfestar derimot at namnet til mannen dukka opp i samband med operasjon Dark Room. Dette er eit etterforskingsarbeid som Vest politidistrikt over tid har retta mot overgrep mot born på internett.

I november i fjor vart det kjent at 51 personar var pågripne sakskomplekset som resulterte i det største beslaget nokosinne av overgrepsmateriale.

Sidan har opprullinga vakse i omfang, og mellom anna i Møre og Romsdal er det oppretta ei eige lokal Dark Room-gruppe.