Ti etterforskarar i lokal «Dark Room»-gruppe

Etterforsking av overgrepssaker på nett har høg prioritet i Møre og Romsdal politidistrikt. Ti etterforskarar arbeider med å avdekke overgrep på internett.

Politiet pressekonferanse

Politiet i Møre og Romsdal la i dag fram tal for verksemda si. Det har blitt eit satsingsområde å avsløre overgrep på internett.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Til no har Møre og Romsdal politidistrikt har hatt fire såkalla «Dark room»-saker. Det er både politifaglege etterforskarar med i teamet og personell med spesiell datakunnskap.

Ingar Bøen

Ingar Bøen, politimeister i Møre og Romsdal politidistrikt

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Avdekking og etterforsking av overgrepssaker på nett har høg prioritet, seier politimeister Ingar Bøen til NRK.

Tre av sakene som Møre og Romsdal politidistrikt har arbeidd med er sendt vidare til andre distrikt. I den fjerde saka er ein person pågripen.

Kåre Skare Lysstad

Kåre Skare Lysstad er dataingeniør og arbeider i politiet.

Foto: Frode Berg / NRK

Kåre Skare Lystad er dataingeniør og er med i «Dark room»-teamet på bakgrunn av datakunnskapane han har. Hans oppgåve er å hjelpe etterforskarane med å finne materiale som ligg vanskeleg tilgjengeleg på nettet.

– Det følgjer ein del tekniske utfordringar med denne typen etterforsking. Det er store datamengder. Dei må sorterast og gjerast tilgjengeleg. Der er også spor som må følgjast, av og til ut over landegrensene, seier Lystad til NRK.

Lystad seier at folk med inngåande datakunnskap er svært viktig for politiet. I utgangspunktet har ikkje politiet denne typen datakunnskap som ein del av den vanlege utdanninga si.

Omfattande datakunnskap er viktig for å leite seg fram på nettet der bevismaterialet ligg. Vi kan finne fram på beslaglagde datamaskinar og mobiltelefonar. Vi finn fram til chatteloggar og vi kan gjenskape digitale spor. Slik kan vi sjå kva som har skjedd og kven som har snakka med kven, forklarar Lysstad.

Lysstad seier politiet på denne måten kan finne ut svært mykje om internettrafikken som har gått ut og inn av ein datamaskin.

– Absolutt. Vi kan finne ut kor mange brukaren av datamaskinen har snakka med og kor mange dei igjen har kommunisert vidare med. Om vi finn 100 interessante spor så kan kvart av dei føre oss til nye spor igjen, seier Lysstad.

Dark room

Operasjon «Dark room» har utspring i etterforsking ved Hordaland politidistrikt.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Etter kvart som politiet har arbeidd seg gjennom dei fire «Dark room»-sakene som dei har hatt på bordet så langt, opplever politiet nettopp å bli sett på sporet etter nye saker.

– Ja. Absolutt. Dess meir vi grev dess meir oppdagar vi. Dette ser vi også frå «Dark room»-sakene i Bergen kor komplekse desse sakene vert, seier Lysstad.