NRK Meny
Normal

Ny juridisk vurdering: Sal til Torghatten kan skape juridisk trøbbel

Det blir no stilt tvil til om fylkeskommunen kan selje alle aksjane i Fjord1 til Torghatten utan å skape juridisk bråk med den andre storeigaren.

Fjord1-skilt

KAN BLI SELD: Ei ny juridisk vurdering er no lagt fram i den pikante striden rundt eit mogleg sal av Fjord1.

Foto: TRULS KLEIVEN

Fylkespolitikarane har no fått ei enno større utfordring med å vurdere om dei skal selje Fjord1 til konkurrenten Torghatten. Advokatfirmaet BAHR har på oppdrag frå fylkesutvalet vurdert saka.

Dei konkluderer med at det truleg ikkje er noko problem med å selje halvparten av aksjane til Torghatten via selskapet F1 Holding AS, men dei stiller spørsmål ved å selje den andre halvparten.

Dette kan skape trøbbel for eit vedtak om sal i fylkestinget komande måndag. No må fylkespolitikarane gjere grundige vurderingar av fleire juridisk tunge vurderingar.

Dei siste dagane har det vore hektisk aktivitet for å prøve å klargjere alle dei vanskelege spørsmåla i Fjord1-saka.

– Kan utløyse forkjøpsrett

I BAHR si utgreiing til fylkespolitikarane står det mellom anna:

«Når de resterende 50 % av aksjene i tilfelle senere overtas, vil en derimot være i en situasjon hvor Torghatten blir alene om å treffe bestemmelser i F1 Holding . Mye ser dermed ut til å tale for at det da kan bli grunnlag for en forkjøpsrett for Havilafjord.»

Her kan du lese heile den juridiske vurderinga til BAHR

Havilafjord er selskapet som alt eig 41 prosent av aksjane i Fjord1, og eigar Per Sævik meiner at han har ein klar forkjøpsrett til heile selskapet. Dette meiner fylkesrådmann Tore Eriksen og hans rågjevarar at ikkje er tilfelle.

Kan selje halvparten

No får fylkesrådmannen berre delvis støtte for sitt syn i den såkalla uhilda vurderinga som no er lagt inn i saksdokumenta.

– Etter den gjennomgangen vi har gjort av saksforholdet, er vår konklusjon at det ikkje er grunnlag for å sjå det slik at det vil bli utløyst nokon forkjøpsrett for Havilafjord til aksjar i Fjord1, ved overtaking av eigarskap til 50 prosent av aksjane i F1 Holding AS, skriv advokat Sam E. Harris i brevet.

Fylkesordførar Jenny Følling seier til NRK at det er inga usemje mellom konklusjonane i konsulentselskapet Wiersholm si utgreiing som Fylkeskommunen tidlegare har fått og BAHR si utgreiing.

Ho seier også at Fylkeskommunen uansett er sikre på få den skisserte salsgevinsten. Når det gjeld advokatselskapet si vurdering av sal av den andre halvparten svarar Følling slik:

– Dei konkluderer med at fase 1 ikkje utløyser forkjøpsrett. Usikkerheit som måtte ligge i fase 2 ligg ikkje på Fylkeskommunen. Den ligg på Torghatten.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser