Hopp til innhold

Held hemmelege møte om Fjord1-saka

Hemmelege gruppemøte, hemmelege utgreiingar i millionklassen og hemmelege politiske debattar. Det er slik politikarane i Sogn og Fjordane jobbar med den pikante Fjord1-saka.

MF Selje på veg over Sognefjorden

KAN GÅ MOT SAL: Fjord1 er i dag eigd av mellom anna Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei vurderer no å selje sine aksjar. DHT og Wiersholm er selskapa som har bidrege med råd til fylkeskommunen. Torghatten og Per Sævik i Havila er dei to aktørane som ønskjer å kjøpe aksjane som no er i spel.

Foto: Rune Fossum / NRK

Komande måndag kan eit sal av fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 vere eit faktum. Fylkesrådmann Tore Eriksen vil at politikarane skal seie ja til eit sal til Torghatten ASA.

Dette har han kome fram til etter at innleigde rådgjevarar har brukt 18 månader på å klargjere fylkeskommunen sin eigardel for sal. Tal frå april syner at fylkeskommunen har betalt rådgjevarane kring 2,5 millionar kroner i honorar hittil.

Forøvrig rådgjevarar med så mykje hemmelegheiter at dei ikkje ville seie namnet sitt ein gong før eit samla pressekorps kravde det før fylkesutvalsmøtet sist måndag.

Må levere si vurdering søndag

No har saka kome til politisk handsaming. Måndag brukte fylkesutvalet fem og ein halv time på å bestemme ei utsetjing av saka til komande måndag klokka ni. Samstundes bad dei fylkesrådmannen om å leggje fram ei ny og uhilda vurdering.

Etter det NRK Sogn og Fjordane erfarer, har rådmannen fått ein frist til midt på dagen søndag til å kome med denne vurderinga. Dei ulike partigruppene kjem til Hermansverk i løpet av søndagen, og det vil bli halde ulike møte utover søndag kveld.

Hadde hemmeleg møte onsdag

Onsdag vart det halde eit hemmeleg møte mellom gruppeleiarane og andre sentrale personar i Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Høgre. Fylkesordførar Jenny Følling vil ikkje uttale seg om dette, men stadfestar at det har vore ulike «politiske diskusjonar».

NRK veit at det er sterke reaksjonar i det politiske miljøet på måten Fjord1-saka har blitt handsama på. Men ingen av dei NRK har snakka med, ønskjer å late seg intervjue. Til det er saka for pikant og betent. Mellom dei som har reagert sterkt er leiinga i Fjord1.

Publikum og presse blir kasta ut

Ein av dei største utfordringane politikarane står overfor, er at minoritetseigar Per Sævik og hans selskap Havilafjord ønskjer å kjøpe aksjane som no er til sala. Dei meiner at dei har ein forkjøpsrett, og Havilafjord trugar med søksmål dersom politikarane vel å selje til Torghatten ASA.

Komande måndag samlast fylkesutvalet seg klokka ni for å diskutere saka – igjen bak lukka dører. Etter alt å døme vil også fylkestinget kaste presse og publikum på gangen når saka kjem opp måndag klokka 13. Dette skjer trass i at dette er ein av dei mest avgjerande sakene for den fylkeskommunale økonomien nokon gong.