Politiet nedringde av folk som fryktar sex-utpressing

Politiet over heile landet er kontakta etter ei ny bølgje med trusselepostar slo innover norske innboksar i natt. – Ikkje betal, er rådet frå politiet.

Sex-utpressing på e-post.

UTPRESSING: Det er e-postar av denne typen som søndag morgon og føremiddag kom i innboksar landet rundt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Fem meldingar Vest politidistrikt, åtte i Oslo, to i Møre og Romsdal, over ti i Sør-Øst, minst like mange i Nordland og fleire i Sør-Vest. I Troms har operasjonssentralen bede mellom fem og ti personar om å slette og gløyme epostane.

Dette er berre nokre av meldingane politidistrikta fekk i føremiddag.

– Det kan virke som om nokon har sendt ei rekkje e-postar til fleire norske brukarar i løpet av natta og morgontimane søndag, seier kommunikasjonsrådgjevar Jonas Fabritius Christoffersen i Kripos.

Skrivne på norsk

Den nasjonale eininga for bekjemping av organisert og anna kriminalitet har søndag føremiddag fått førespurnad frå fleire politidistrikt om svindelepostane.

Mellom anna frå Vest politidistrikt. Etterforskingsleiar ved Felles Straffesaksinntak, Bjarte Schrøen, forstår at folk blir usikre.

– E-postane blir skrivne på norsk, så dei treffer gjerne mottakaren litt meir. I starten er det heller ikkje lett å sjå at det er ein svindel, seier han.

Krev pengar

Avsendaren hevdar å representere ei gruppe hackarar, som har tatt kontroll over kameraet på datamaskina og sit på pikante filmar av mottakaren.

Jonas Fabritius Christoffersen

IKKJE BETAL: Jonas Fabritius Christoffersen i Kripos seier at svindelepostane søndag skil seg frå dei reelle truslane. – Reelle truslar blir ofte retta i direktekommunikasjon, seier han.

Foto: Politiet

– Dei ynskjer pengar på ein bitcoinkonto mot at videoen ikkje blir distribuert vidare, seier Schrøen.

På Twitter viser politiet til Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) for meir informasjon og råd. Christoffersen seier fenomenet er kjent og skjer frå tid til annan.

– Det står ofte at avsendar sit på ein video av mottakaren som ser på pornografisk materiale. Så truar han med å publisere denne på ei rekkje stader, seier han.

Ifølgje NorSIS inneheld ei ny utgåve av svindel-e-posten ei lenke til eit løysepengevirus.

– Det er svindel

Christoffersen er klar på at tilfellet søndag er svindel. Kor mange som blir lurte er uvisst. Det er heller ikkje kjent korleis avsendaren får alle e-postadressene.

– Når ein ser omfanget og kor mange som tek imot e-posten, så er det liten tvil om at dette er sendt ut i stor skala, og ikkje har rot i røynda, seier han og oppmodar folk om å slette e-posten og ikkje følgje trusselen om å betale.

Schrøen seier at kan også vere lurt å gjere endringar på e-postkontoen, som til dømes å aktivere ei tofaktorinnlogging. Då vil ein får varsel om andre loggar seg inn.

Reelle truslar

I Kripos presiserer Christoffersen at metoden skil seg frå reelle truslar. For dei eksisterer. I Nord-Noreg tok ein ung mann livet sitt etter å ha fått ein slik reell trussel . Saka har fått namnet «Operasjon Malstrøm».

– I slike tilfelle er det reell kontakt tidlegare mellom den som truar og den som blir truar. Trusselen blir då retta i direktekommunikasjon, seier han.

– Er ein usikker, så kan ein kontakte politiet for råd. Er truslane reelle, så er rådet å melde det til politiet så vi får straffeforfølgt dei som står bak slik type kriminalitet.