Hopp til innhold

Sivert (9) går mot straumen

FØRDE (NRK): Det er mangel på organistar, og det tek tid å rekruttere fleire. I Førde samarbeider kulturskulen og kyrkja om å tilby undervisning i kyrkjeorgel.

Sivert Gjelsvik Grane

ENTUSIASTISK: Sivert Gjelsvik Grane får endeleg prøve orgelet i Førde kyrkje. Kantor Asbjørn Flåm hjelper til med å regulere lyden.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Eg synest det ser veldig kjekt ut å spela orgel.

Sivert Gjelsvik Grane

FØRDE KYRKJE: Sivert Gjelsvik Grane har møtt opp i kyrkja for å prøve orgelet.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Sivert Gjelsvik Grane (9) har gledd seg lenge til den fyrste orgeltimen. Heilt frå han såg orgelet fyrste gong, har han hatt lyst til å lære seg instrumentet.

– Eg har trent meg litt på piano, så nå trur eg at eg er klar for orgelet, seier Sivert.

Når han får setja seg på orgelkrakken og prøve orgelet, brer smilet seg i heile ansiktet. Og Sivert er ikkje i tvil om yrkesvalet.

– Eg skal bli organist!

Slit med å få elevar

Inni orgelet

INNI ORGELET: Asbjørn Flåm viser fram at eit kyrkjeorgel er så stort at ein kan gå inn i instrumentet.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Kantor Asbjørn Flåm er læraren til Sivert, og han fortel at Førde er ein av få kulturskular som tilbyr undervisning i orgel. Akkurat nå har han to elevar. Men det er vanskeleg å få barn og unge til å bli interesserte.

– I Noreg slit vi med å få elevar både på orgel og andre spesielle instrument som obo og fagott. Men i det siste verkar det som det er i ferd med å ta seg litt opp att.

Asbjørn Flåm

UNDERVISNING: Kantor Asbjørn Flåm lar elev Sivert Gjelsvik Grane teste ut orgelet.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Da Flåm studerte kyrkjemusikk på starten av åttitalet, var det stor søknad til organiststudiet. Utover åtti- og nittitalet gjekk det gradvis nedover, noko som har ført til ein stor mangel på organistar i dag.

– Ofte ser vi at folk frå utlandet med pedagogisk klaverutdanning kjem til Noreg som organistar, fortel Flåm.

– Du arbeider sjølv som organist. Korleis er det å vera borte frå jobb når du veit at kyrkjekontoret får problem med å finne vikar?

– Visst eg er sjuk eller ikkje kan møte på jobb, då får eg dårleg samvit.

Eit langsiktig prosjekt

Oddvar Etnestad sit på kontoret

UTFORDRANDE: Kyrkjeverje Oddvar Etnestad er glad for at dei har to faste kantorar i Førde. Likevel kan det vera vanskeleg å få kabalen til å gå opp.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Tal frå Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter (KA) viser at nesten 40 prosent av alle kyrkjemusikarar i landet ikkje har kantorutdanning. Og ei undersøking frå Musikernes fellesorganisasjon (MFO) viser at 20 prosent av alle kyrkjemusikarstillingar blir utlyste fleire gonger. Kyrkjeverje i Førde, Oddvar Etnestad, stadfestar at det er ei utfordring å skaffe organistar.

– Vi er heldige med rekruttering og stabilitet, men utfordringa vår er å få tak i vikarar ved vakanse, ferieavvikling og sjukdom. Det er ikkje mange som vil gå inn og ta på seg den jobben, så vi har ikkje så mange vi kan spørja.

Men Etnestad har tru på at samarbeidet med kulturskulen vil hjelpe til med å auke interessa.

– Det er eit langsiktig prosjekt å rekruttere organistar, difor er det viktig å starte tidleg. Samarbeidet med kulturskulen her i Førde er veldig spennande, og det kan bera frukter på sikt, håpar kyrkjeverja.

Reservert parkering for kantor

RESERVERT: Trass i frynsegode som eiga parkering, er det vanskeleg å rekruttere organistar i Noreg.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK