Politimeldinga skal Fure levere på Selje lensmannskontor i dag. Han og Kjellaug Isane Fure skriv at dei sjølv har smerteleg erfaring med at vegen til sjukehuset vart for lang.
- I 1980 mista vi dottera vår på grunn av nedbemanning ved Nordfjord sjukehus, seier Håkon Fure.
Dette vil dei ikkje at andre skal oppleve. Ei nedlegging av akuttberedskapen fører til ein heilt unødig og alt for lang sjuketransport til Førde, meiner ekteparet frå Stadlandet.
- Ingen grenser
Tore Thorsnes har denne kommentaren til at han er politimeld som styreleiar i Helse Førde.
- Det virkar som det ikkje er grenser for kva verkemiddel folk er villige til å ta i bruk for å markere denne situasjonen. Eg må jo berre registrere at folk reagerer på denne måten, seier Thorsnes.
Melder helseministeren
Og Fure ser sjølv at det er ei drastisk handling å melde Helse Førde til politiet.
- Men alle andre verkemidel er prøvd, det var berre dette igjen. Det er ei alvorleg sak å ta vekk akuttberedskapen ved eit sjukehus, seier Håkon fure.
Og ekteparet frå Stadlandet nøyer seg ikkje med å politimelde Helse Førde. Dei melder og helseminister Ansgar Gabrielsen.