Nordfjord Kjøt held fram veksten

Nordfjord Kjøtt i Loen held fram med å vekse og kunne i 2013 notere seg med omsetnad på 2,2 milliardar kroner.

Geir Egil Roksvåg

VEKS: Nordfjord Kjøtt i Loen har opplevd ein stor auke i inntektene dei siste åra.

Foto: Benedicte Hole / NRK

Det kom fram i dag då statssekretær Hanne Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet besøkte slakteriet i Stryn i dag.

– Skal vi drive godt, må vi ha bra omsetnad. Vi er ekstremt volumavhengige, sa dagleg leiar Geir Egil Roksvåg under møtet.

Rekneskapen for 2013 blir offentleg seinare i vår, og før den tid vil ikkje Roksvåg kommentere tala.

Har vakse kvart år

I løpet av dei siste ti åra har Nordfjord Kjøtt investert ein milliard kroner i effektivisering av produksjonen. Salet av biff, pølser, pålegg og kjøttdeig går svært godt og i 2012 hadde dei ein omsetnad for over 2,1 milliardar kroner.

Nordfjord Kjøtt har dermed opplevd ein kraftig vekst dei siste åra. For fem år sidan, i 2008, var omsetnaden 1,285 milliardar kroner.

Nordfjord Kjøtt AS i Loen er i dag ein av dei største, norske kjøtvareprodusentane utanom landbrukssamvirket. Dyra blir henta frå lokalmiljøet, frå Lesja i nord, ned mot Vinstra og Sognefjorden i sør.

108 tonn kvar dag

Under møtet i Loen i dag blei det lagt fram tal som viser kor mykje kjøtvarer som blir produsert. Den beste veka dei har hatt var 912 tonn rett før jul i 2012. I 2013 gjekk det i snitt ut 108 tonn kjøt per dag.

Slakteriet har hatt ein god start på året og har hatt ein fin auke dei to første månadane. Dagleg leiar Geir Egil Roksvåg vil ikkje seie om dei har tenkt å utvide ytterlegare.

– Det vil eg ikkje kommentere, det er litt for tidleg å seie noko om dette no, seier han.