Hopp til innhold

No skal han ete kirsebær med dei beste i Europa

Førstereisgut Thomas Mardal (18) har ei nøktern forventing når han i helga skal kjempe mot dei beste diskoskastarane i junior-EM.

Thomas Mardal

NERVAR: Thomas Mardal frå Gloppen reknar med å kjenne på nervane når det tek seg til i svenske Eskilstuna. – Akkurat no er det ikkje så veldig gale. Eg trur nervane kjem meir når eg er på plass der nede og føler kor stort det faktisk er, seier han før avreise.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Ein skal ikkje vere nøgd med berre å komme til EM. Ein må også prestere opp mot sitt beste når ein er der. Junior-EM er veldig stort og noko eg har jobba lenge for, så eg ynskjer å prestere, seier Thomas Mardal frå Gloppen FIL.

Siktar mot finalen

18-åringen er spent og realist når han reiser til sitt første junior-EM i friidrett i svenske Eskilstuna. Laurdag inntek han diskosringen for å kvalifisere seg for finalen i favorittøvinga.

Det er det som er målet for utøvaren som i fjor vann alle kastøvingane under UM .

– Eg er eitt år yngre enn dei eldste, men ny personleg rekord og ein plass blant dei 12 finalistane er fullt mogleg med gode forhold. EM er ein stor meisterksap og det erhøgt nivå på kastinga, seier Mardal.

Trenaren har trua

Jørund Årdal

HAR TRUA: Skal Thomas Mardal kvalifisere seg til finalen, må han truleg kaste kring 54 meter. – Thomas er førstereisgut, men kastar han opp mot sitt beste, så håpar vi han kan kjempe om ein finaleplass, seier trenar Jørund Årdal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trenar Jørund Årdal meiner det er realistisk. 18-åringen har sidan i fjor haust strekt krinsrekorden for juniorar med 5,98 meter til 55.48.

Kast på kring EM-kravet 54 meter gir truleg finaleplass. Medaljane blir truleg delte ut frå kring 60 meter.

– Med fleire 52-54 meter i fleire konkurransar er han stabil og sikker i kastringen. Sjølvsagt er det dette med nervar og ein litt uvant situasjon, men han er typen til å takle det, seier Årdal.

Må vere tolmodig

Som mangeårig kasttrenar har Årdal delteke i fleire store internasjonale stemne.

– Kva møter Thomas i meisterskapen.

– At alt tek lengre tid enn han er vand med frå nasjonale og lokale konkurransar. Det gjeld å ha is i magen, og konsentrere seg om det ein skal gjere.

– Og slikt kan gå utover nervane?

– Det er klart. Det er ei teknisk krevjande øving og mykje nervar som spelar inn. Då skal vi rundt han hjelpe han å fokusere på dei rette tinga.

– Har meir inne

Trenaren er ikkje overraska over utviklinga til den unge GFIL-utøvaren, og meiner ein neste år kan leggje lista høgare enn ein finaleplass i internasjonale meisterskap.

– Han er veldig flink til å trene og har veldig gode anlegg for det han driver med. Thomas har tileigna seg veldig god fysikk, han er veldig sterk og har utvikla teknikken i takt med styrke- og kraftutvikling, seier Årdal.

– Men eg kan nok hente nokre meter på det tekniske. Så er det sjølvsagt meir fysisk framgang som i styrke, hurtigheit og spenst, legg Mardal til.

Budd på nervar

– Korleis ser du føre deg laurdagen?

– Det blir mykje nervar, både blant dei nye og dei som har vore med før. Det blir spennande å sjå kven som taklar nervane best.

Mardal får følgjande råd frå trenaren:

– Dei fleste blir fort skuffa om dei ikkje kastar sitt aller beste, men det kan ein ikkje gjere kvar gong. Vent eit middels resultat, så kosar vi oss og ser fram til neste konkurranse.