Hopp til innhold

I morgon debuterer Thomas i NM - nøyaktig 20 år etter at pappa tok sølv på same arena

For 20 år sidan tok Ole Morten Mardal sølv i NM i Tønsberg. Laurdag NM-debuterer sonen Thomas (16) på nøyaktig same arena.

Thomas og Ole Morten Mardal

SPENT: Thomas Mardal skal debutere på 100 meter i NM. Han droppar sleggje grunna smerter i ryggen. Pappa Ole Morten gler seg stort.

Foto: Rune Helle/privat

Thomas Mardal frå Sandane i Gloppen debuterer i helga på 100 meter i senior-NM i Tønsberg. For nøyaktig 20 år sidan debuterte faren Ole Morten i tilsvarande meisterskap på same arena, og fekk sølv i lengde.

– Eg håpar å komme gjennom eit godt løp som eg er nøgd med sjølv. Resultatmessig veit eg at eg ikkje er blant dei beste, eg er underdog, seier Thomas.

No skal det seiast at han er yngstemann som stiller til start på 100 meter, og som førstereisgut til senior-NM må han berre vere budd på å møte tøff konkurranse.

– Det blir veldig kjekt. Eg gler meg veldig til å treffe dei store stjernene i norsk friidrett, seier Thomas.

Droppar sleggje

Men han legg til at han er spent.

– Litt sommarfuglar i magen er det. Eg trur det blir kjekt, seier Thomas.

Han var opphavleg påmeldt i lengde også, øvinga der pappa Ole Morten tok NM-sølv med 7,37 meter.

– Eg har valt å stå over på grunn av litt trøbbel med ryggen. Eg vil ikkje risikere noko sidan det er UM om nokre veker, seier Thomas.

Men sprintdistansen meiner han skal gå bra.

– Eg har sprunge på trening i det siste, og det går i grunn ganske fint, seier Thomas.

Smertene i ryggen er ikkje ukjende for ungguten, så han tek det med ro.

– Eg har hatt det same problemet ein gong før. Då gjekk det eigentleg over ganske fort då eg fekk ein kiropraktor til å sjå på det, seier Thomas, som kjenner seg klar for laurdagens 100 meter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Thomas Mardal

HABIL: Thomas Mardal er også ein habil lengdehoppar, slik som faren Ole Morten.

Foto: Dag Eliassen

Har ikkje vore på stadion på 20 år

Pappa Ole Morten er med på stemnet i Tønsberg, og innrømmer at det er litt spesielt at gutungen debuterer i NM nøyaktig 20 år etter han, og på same arena.

– Det er veldig stas. Det blir spesielt å komme på stadion, eg har ikkje vore der sidan sist, seier Mardal.

Han hugsar godt hendinga for 20 år sidan, for det var eit høgdepunkt han hadde jobba hardt for, lenge.

– Eg hadde eigentleg sett for meg ein lysande karriere, men skade etter skade frå eg var 17-18, gjorde at eg vart 24 år før eg fekk ein heil sesong skadefri. Men då sat han rimeleg bra, seier Mardal.

Sette også krinsrekord

Lengda 7,37 heldt til sølv, noko som smakte godt.

– Det var vel ikkje så mange vekene etter at eg hadde sett krinsrekord på 7,42, og eg følte at eg endeleg hadde ein sjanse. Det å stige opp på pallen hadde vore eit mål, spesielt sidan Magnus Kleppe tok bronse to år tidlegare. Eg tenkte at dersom han klarar det, så skal eg også klare det, seier Mardal.

Men i morgon er det sonen som skal i elden, og slikt merkast for pappa også.

– Det er ein litt spesiell situasjon. Eg hadde ikkje venta at han skulle klare kravet til eit senior-NM så tidleg, men når han klarte det, så er det klart eg er stolt. Dette blir veldig spesielt, seier Mardal.