Hopp til innhold

«Eg har følgt med på dette sidan eg var ni år. No fekk eg vere med sjølv!»

Sindre Rørstadbotnen fekk det ikkje til å klaffe heilt i senior-EM. Han er likevel nøgd med debuten i meisterskapssamanheng.

Sindre Rørstadbotnen

DEBUTERTE: Sindre Rørstadbotnen fekk debuten sin i senior-EM allereie som 22-åring. No siktar han endå høgare.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har følgt med på dette sidan eg var ni år. No fekk eg vere med sjølv, Sånn sett var det veldig moro, seier Sindre Rørstadbotnen etter innsatsen i Tblisi i Georgia.

22-åringen debuterte fredag i 94-kilosklassen senior-EM med 133 kilo i rykk og 175 kilo i støt. Det heldt til ein tiandeplass i B-puljen. Når løftarane i A-puljen er ferdige, ramlar naustedølen monaleg nedover resultatlista.

– Eg er nøgd med ei plassering blant dei 20 beste i Europa. Det er eigentleg ei respektabel plassering, seier Rørstadbotnen.

Fekk krampe etter altfor lang pause

Rørstadbotnen er ein seriøs og hardtsatsande idrettsutøvar, og han brukte mellom anna påska til å lade opp til debuten i senior-EM .

Men han fekk ikkje den beste starten på konkurransen, då han bomma på første forsøk i rykk. Så tok han 133 kilo i andre, før 137 kilo vart for tungt i siste forsøk. I støt hadde han god kontroll på 175 kilo, men måtte melde pass på 180 kilo i det siste forsøket.

– Eg fekk ein altfor lang pause før siste støtet. Etter nesten 20 minutt utan løfting surna eg og fekk krampe i både armar og bein, forklarer naustedølen.

Har lyst til å klare 400 poeng

Rørstadbotnen reiser heim til Norge først på søndag. I mellomtida skal han nytte høvet til å sjå dei sterkaste vektløftarane i Europa i aksjon i dei tyngste vektklassane.

Han er nøgd med å ha kvalifisert seg til sitt første EM.

– Det er mange som jobbar hardt for å kvalifisere seg, men som likevel ikkje klarer det. No må eg sjå framover og finne ut korleis eg skal bli endå betre. Eg har lyst til å klare 400 poeng, men då er det mykje som skal klaffe og fungere, seier han.

Neste år er det klart for EM i vektløfting i Førde og Naustdal.