Siri Martinsen frå Noah. Foto: Scanpix
Ho meiner at når fylkesmannen opplyser om jakttider så er det å tolke som ei oppmoding til jakt.
- Jakt er sjølvsagt ikkje uproblematisk for dyra, og heller ikkje for naturen og dyreartane.
- Men der er jo snakk om artar det er lov å jakte på?
- Det er mellom anna noko av det vi reagere på, meiner Martinsen.
Truga art
For når fylkesmannen no samband med sjøfugljakta sende ut ei presisering av reglar og jakttider, så opplyste han ikkje samstundes om at fleire av sjøfuglane er i sterk tilbakegang.
- Vi har ein som er oppført på lista over truga artar, som ein art som bør overvakast. Likevel vert det oppmoda til jakt, seier Martinsen. - Vi reagerer på at det ikkje vert problematisert av Fylkesmannen.
Standard jakttider
Hermund Mjelstad som er viltkonsulent hjå Fylkesmannen, seier at dei har informert om standar jakttider som gjeld for heile Norge.
- Men no har jo Fylkesmannen sjølv gjort ei undersøking som viste at det var fare for ein del av dei hekkande fuglane.
- Vi hadde ei undersøking som gjekk på hekkebestanden til ein del sjøfugl, mellom anna gråmåsar. Men det vert ei litt anna sak, seier Mjelstad.