Hopp til innhold

No vil dei ha sensorar og lyssignal for å unngå dette

No kjem det krav om fleire vegstrekningar med sensorar i terrenget og blinkande lys for å varsle bilistar om viltfare.

Påkøyrd hjort

MANGE ULUKKER: Dei siste åra har det vore over 2200 uhell og ulukker i møte mellom bil og dyr i Sogn og Fjordane.

Foto: Rudi Sønnervik

– Vi som er ute og treffer på dei folka som har vore uheldige og køyrt på seier at skilta om lag går i eitt med naturen. Det som ofte skremmer oss litt er at det faktisk kan vere lokalfolk som køyrer der, og som veit at det er mykje dyr som trekker over vegen. Likevel greier dei å køyre på dei, seier Rudi Sønnervik i Norges jeger- og fiskarforbund (NJFF) til NRK.

Han er prosjektleiar for arbeidet med å drive ettersøk etter hjortevilt og andre dyr som blir påkøyrde i trafikken. No krev han at noko blir gjort for å få ned talet på viltpåkøyrslar. Berre i Sogn og Fjordane er det fleire hundre tilfelle kvart år.

Veit kvar hjorten trekkjer

– Det må vere Statens vegvesen sitt ansvar i samarbeid med kommunane. Dei sit jo inne med all informasjon om dei mest råka områda i sin kommune, så det er jo ikkje problem med å finne ut kvar dyra trekkjer og kvar dei verste påkøyrslestadane er, seier Sønnervik.

Statens vegvesen har dei siste åra satsa mykje på å sikre særleg utsette område, mellom anna mellom Vadheim og Lavik på E39. Der har ein mellom anna reinska terrenget langs vegen for å gje betre sikt.

Rudi Sønnervik med daud hjort

ETTERSØK: Rudi Sønnervik i NJFF peikar på at arbeidet med ettersøk etter skada vilt er viktig, uavhengig om det skjer i trafikken eller som her i samband med jakt.

Foto: privat

Trur ikkje det vil fungere

Viltkontakt i vegvesenet, Ann Kristin Nes, er samd i at det må gjerast meir for å ta vare både på bilistar og dyr, men fleire område med sensorvarsling har ho ikkje tru på.

– Det har vore prøvd ein del med sensorar i høve dyr i rørsle, men det har vel heller vore dårlege resultat. Dei slår ut når det er dyr og ikkje. Det har ikkje heilt kunne vere til stole på. Vi ser heller føre oss ei varsling som er programmert i høve den statistikken ein har på dei ulike stadane, seier Nes til NRK.

Rådyre ulukker

Informasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll, peikar på at kollisjonar mellom dyr og bil kostar samfunnet dyrt. Forsikringsbransjen betalar ut om lag fem millionar kroner årleg i skadeoppgjer etter slike uhell og ulukker i Sogn og Fjordane.

– Det kan virke som at bilistane ser seg blind på desse skilta. Skilta står der ikkje til pynt og får ein hjort på panseret så kan det bli veldig store skadar, seier Voll.

Sjekk tala frå din kommune

Dyrepåkøyrslar i Sogn og Fjordane

Flora

Gulen

Solund

Hyllestad

Høyanger

Vik

Balestrand

Sogndal

Aurland

Lærdal

Årdal

Luster

Askvoll

Fjaler

Gaular

Jølster

Førde

Naustdal

Bremanger

Vågsøy

Selje

Eid

Hornindal

Gloppen

Stryn

Sum

2005

17

5

-

3

5

8

3

18

-

9

3

25

3

2

13

5

12

3

8

10

2

10

-

5

10

181

2006

17

7

2

3

12

5

3

14

-

11

-

5

5

-

8

7

8

5

19

7

3

15

3

3

24

188

2007

17

2

3

2

5

10

10

22

2

19

3

5

12

7

10

7

27

5

10

12

3

14

2

17

6

233

2008

4

9

-

7

9

11

2

11

-

15

-

9

6

6

20

7

15

2

9

11

4

24

-

7

21

209

2009

20

13

4

2

4

6

2

11

6

2

2

6

-

7

11

4

11

6

9

11

7

4

2

9

13

171

2010

16

4

-

-

11

7

7

9

9

12

-

4

10

2

21

6

28

9

13

10

7

9

-

13

7

216

2011

30

10

-

5

9

7

5

19

5

10

2

7

5

5

22

4

19

10

25

10

2

7

3

24

7

252

2012

24

5

2

5

12

5

2

16

5

7

2

5

12

2

18

4

21

5

14

4

5

14

-

9

14

213

2013

36

18

-

2

25

7

11

20

7

11

14

5

7

4

13

14

18

15

18

5

4

7

5

9

18

292

2014

22

20

-

4

16

4

18

9

4

22

2

4

4

4

15

7

20

-

13

11

2

11

-

13

30

260

Sum

203

94

11

34

108

70

64

150

38

118

30

75

64

39

153

64

178

60

139

90

40

115

14

111

150

2 215

Ekspander/minimer faktaboks

(Tal frå Finans Norge)