Hopp til innhold

Åtvarar etter sju hjortepåkøyrslar

Mykje snø i høgda tvinger hjorten ned i låglandet på jakt etter mat. Det har allereie ført til fleire ublide møte med bilar. – Følg med på skilt og sjå etter dyra, er oppmodinga til bilistane.

Hjort

ILLUSTRASJON: Ein snørik vinter i fjellet gjer at ein bør vere ekstra merksam på hjort i vegbana i tida framover.

Foto: Marie Roksund / NRK

I løpet av onsdagens første ni timar vart sju hjortar påkøyrde over heile fylket.

– Det er litt meir enn det plar vere på ei natt og tidleg morgonkvist. Det har truleg noko med vêr og vinter å gjere. Hjorten trekkjer nedover for å finne tilgjengeleg beitestad, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Ei utsett tid

Det kan Bjørn Haugland i viltnemnda i Eid skrive under på. Han ber bilistane vere ekstra varsame og merksame.

– Det er mykje større fare for å treffe hjort i vegbana etter at snøen kom. Det kan føre til skade på både dyr og bilar. Vi er inne i ei veldig utsett tid, seier Haugland og fortel at han både tysdag og onsdag har måtte avlive to hjort som vart påkøyrde. Den eine stakk til skogs etter påkøyrsla.

– Eg vil oppmode folk om å køyre varsamt, og å til å sjå seg ekstra om, seier han.

Hyppigare vegkryssing

Hos politiet legg Hatlenes til at ein i desse tider kan risikere å treffe hjort på stader der ein vanlegvis ikkje ser hjort.

– Det er ikkje utenkjeleg. I tillegg kan ein også tenkje på at den kan krysse oftare på stader der det er skilta, og ein vanlegvis kan sjå hjort, seier han.

Det er særskilt i morgon- og kveldsmørket det oftast skjer hjortepåkøyrslar. I desse tider kan også føret skape ekstra utfordringar.

– Bilistar bør hugse på at det er vått og dårlegare sikt. Då må ein vise større aktsemd i høve til at dyr kryssar vegen. I tillegg er det glatt og ein brukar gjerne lenger tid på å stogge, seier Hatlenes.

Gjer stor skade

Etter vegtrafikklova har dei som køyrer på vilt plikt til å varsle myndigheitene om hendinga. Dette er noko dei aller fleste er flinke til.

Haugland trur mange ikkje er klar over kor mykje skade ein hjortepåkøyrsle kan gjere.

– Heldigvis har det ikkje vore personskade til no, men det kan fort skje det også. Mange blir overraska når dei ser kor mykje skade ein hjort på 100 kilo kan gjere, seier han og legg til.

– Men så er det også dette med dyreliding. Hjorten har ei eiga evne til å komme seg til skogs og lide i stille.