NRK Meny
Normal

No torer han å drøyme om VM-finale

BYRKJELO (NRK): Thomas Mardal tok sin andre medalje under junior-NM. No ser han optimistisk på neste års U20-VM i Russland.

Beatrice Nedberge Llano og Thomas Mardal er nye kasttalent som skal hjelpe norsk friidrett tilbake i toppen.

TALENT: Thomas Mardal er ein av mange nye talent på veg i norsk friidrett. Reporter: Rune Fossum. Foto/redigering: Jørgen Eide

– Det kunne ikkje ha gått mykje betre her. Dette smakte godt, seier Thomas Mardal.

Han har akkurat avslutta sin tredje NM-konkurranse for helga. Det enda like godt med sølv i kule. Med 16,45 var han om lag 30 centimeter bak sin eigen personlege rekord, men eit godt stykke bak vinnaren Marcus Thomsen sine 18,24.

Einaste nedturen var slegge, der han ikkje kom på sigerspallen.

Likevel: Med gull i diskos på fredag, vart det eit strålande NM på heimebane.

– Verdien på dei to medaljane er større enn eg hadde forventa. Og eg var nok litt utlada etter gullet, så eg er nøgd med helga, seier Mardal.

Veit kva som må til for å bli endå betre

No ventar nordisk meisterskap for U20 på den råsterke kastaren frå Gloppen. Deretter er det ein lang treningsvinter. Og den skal han nytte godt.

– Eg skal trene hardt. No ser eg fram mot U20-VM i Russland, seier Mardal.

Han har allereie kasta ein meter lenger enn VM-kravet i diskos, og kjenner seg trygg på at han skal kvalifisere seg neste år. Fredag tok han gullet på eit lengstekast på 56,26.

No ønskjer han å nærme seg 60-metersgrensa. Og han har planen klar.

– Eg må bli sterkare, og veit kva eg må gjere for å bli det. Dessutan må eg bli litt betre teknisk, samstundes som eg held ved like hurtiheit og spenst, seier Mardal.

Drøymer om finale i VM i Russland

Han blir buande på Sandane, der han meiner tilrettelegginga ved Firda vidaregåande passar han som hand i hanske. Der har han eitt år igjen.

– Eg lever som ein toppidrettsutøvar, og får trene i mange av skuletimane. Det er perfekt for meg, seier han.

Og kva kan du oppnå i VM - dersom du klarer å kaste diskosen 60 meter?

– Det vil iallfall halde til ein plass i finalen, gliser Mardal.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast