Hopp til innhold

Vesle Gloppen har fem landslagsutøvarar i friidrett i 2014

På dei landslaga Norges friidrettsforbund har teke ut til 2014-sesongen er det fem utøvarar frå Gloppen.

Thomas Mardal

PÅ LANDSLAG: Thomas Mardal er ein av fem glopparar på landslag i friidrett.

Foto: Thore-Erik Thoresen

Leiar Nils Ove Roset i Gloppen Friidrettslag er stolt over at så mange glopparar er på landslag.

– Det er fantastisk at ein så liten klubb kan få fem utøvarar på elitelag og rekrutteringslandslag, så vi er veldig godt nøgde med stoda.

Kravet for å kome på landslag er at ein må ha eit nivå som gjer det realistisk å kunne kvalifisere seg for deltaking i internasjonale meisterskap.

Alle fem i kast

Trude Raad, Gloppen Friidrettslag, er utteken på elitelandslaget, der senior-EM i Zürich i Sveits er hovudmålet i 2014.

Marte Rygg Årdal, GFIL (slegge), Evald Osnes Devik, Brodd, (slegge) Hans Sande, Brodd (slegge), og Thomas Mardal, Sandane TIL (diskos), er alle uttekne på rekrutteringslandslaget i kast.

Hans Sande og Evald Osnes Devik er nye på laget etter at dei hadde stor framgang i 2013, med m.a. sølv og bronse i junior-NM. Utøvarane skal på samling på Toppidrettssenteret i Oslo 3. til 5. januar, og så blir det ei samling i månaden fram til sesongstart.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trude Raad

PÅ LANDSLAGET: Trude Raad.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Tradisjonar for toppidrett

GFIL-leiar Nils Ove Roset seier dette viser at det blir jobba godt med friidretten i Gloppen.

– Ja, vi har tradisjonar for toppidrett i Gloppen. Etter kvart vil forhåpentlegvis desse utøvarane hevde seg i ungdomsmeisterskap i Europa og elles i verda.

Roset håpar at Trude Raad greier å kvalifisere seg til EM for seniorar i Zürich til sommaren.

– Det er eit hardt krav, men ho arbeider veldig målretta, så vi har godt håp om at det kan vere mogeleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

STOLT LEIAR: Nils Ove Roset er leiar i Gloppen Friidrettslag.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Siktar mot VM i USA

For dei under 20 år er det VM i USA.

– Der har vi ein, Evald Osnes Devik, som har håp om å kunne greie kravet i slegge.

Det at alle fem utøvarane er med i kast forklarar Roset med at det er sterke kasttradisjonar i Gloppen.

– Vi har sterke og flinke trenarkrefter i kast, det gjer til at vi er der vi er i dag. Men vi jobbar det vi kan med å få opp hopparar og løparar, det er yngre på gang.

Og sjølv om Thomas Mardal no er teken ut på rekrutteringslandlaget i kast betyr ikkje det at han satsar einsidig på diskos, seier Roset.

– Han er like god i hopp og løp, og det kan godt hende at han får eit tilbod der. Det spørst og kva han vel sjølv. Inst inne er han vel ein mangekjempar.

I tillegg til den fem frå Gloppen er det grunn til å rekne med at Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø TIL er med på elitelaget i løp, men der er ikkje uttaket gjort enno.