Hopp til innhold

No startar Tarjei jakten på revansj

SJUSJØEN (NRK.no): Etter å ha vore småsjuk nokre dagar, bestemte Tarjei Bø seg fredag for å gå sprinten på sesongopninga i skiskyting. No er han klar for å revansjere nedturen sist sesong.

Tarjei Bø

REVANSJESUGEN: Tarjei Bø vil svært gjerne vise at han er ein betre skiskyttar enn det han fekk til sist sesong. Her er han i OL, der det ikkje gjekk etter planen.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Eg er så revansjelysten. OL var dårleg, og eg er ferdig med det no - men eg var sugen på revansj allereie på veg heim frå OL. Då sette eg meg ned og la ein plan, seier Tarjei Bø til NRK.no.

Det som skulle bli ein stor jubelsesong krona med OL-suksess vart nemleg langt frå slik stryningen hadde sett for seg. Medan veslebror Johannes Thingnes Bø tok fem sigrar i verdscupen, vart Tarjei ståande utan ein einaste siger.

I OL vart 26. plassen på normaldistansen den beste plasseringa individuelt.

Har vore sjuk - men vil gå på laurdag

No er Bø derimot klar for å slå tilbake. Han har følgt planen sin til punkt og prikke.

– Ja, eg ligg veldig bra an. Den treningsdagboka skal eg ta vare på, for det har verkeleg gått slik eg skulle ønske, seier han.

Han har denne veka hatt ei lita forkjøling, men ikkje verre enn at han har bestemt seg for å gå sprinten under sesongstarten på Sjusjøen laurdag.

– Det blir spennande å sjå korleis kroppen lystrar. Så får vi sjå om det blir løp på søndag. Eg risikerer ingenting no i starten, men har veldig lyst til å gå konkurranse, seier 26-åringen.

Også veslebror vil vere med og kjempe

Også Johannes Thingnes Bø meiner å liggje godt an med tanke på sesongstarten.

– Formen er bra. Eg hadde ei gjennomkøyring saman med resten av laget på måndag, og der fekk eg positive tilbakemeldingar, seier yngstemann Bø.

21-åringen fekk det store internasjonale gjennombrotet sist sesong.

– Eg har lyst til å gå gode skiskyttarrenn også denne sesongen. Gjer eg det, så veit eg at eg er med heilt i toppen. Så får eg berre prøve å reinske med seg mest mogleg, seier Thingnes Bø.

Skiskyttareliten sesongstartar laurdag på Sjusjøen med sprint for både herrar og kvinner. Søndag er det fellesstart. Verdscupen startar i Østersund siste helga i november.

SJÅ BØ-BRØRNE SNAKKE OM SJAKK PÅ NRK1:

Skiskytterbrødrene Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø duellerer i sjakk.