Hopp til innhold

«Forma må bli betrakteleg betre om ein skal kjempe om medalje»

Brørne Tarjei og Johannes Thingnes Bø gjekk seg kraftig opp i den olympiske jaktstarten i skiskyting måndag.

Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø

LANGT NEDE: Skiskyttarbrørne Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø frå Stryn gjekk seg kraftig opp på jaktstarten i Sotsji.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Trass to bom på dei fire skytingane gjekk Tarjei Bø gjekk seg opp frå 39. til 27. plass.

Johannes Thingnes Bø bomma på eitt skot, og gjekk seg opp 23 plassar frå laurdagens 55. plass på sprinten.

– Det var ein opptur, men eg kan ikkje seie det losna. Skytinga var god og rask, men det var for tungt i løypa. Skuffande, summerte opp Tarjei Bø overfor TV2 etter målgang.

Eldstemann Bø kom i mål 2.01,9 etter sigrande Martin Fourcade (Frankrike). Beste nordmann var laurdagens gullvinnar, Ole Einar Bjørndalen, på 4. plass.

Med 39. og 55. plass som utgangspunkt for dagens jaktstart, var det klart at dei ei olympisk medalje ville sitje langt inne for dei to OL-håpa frå Stryn. OL-debutant Thingnes Bø var som broren nøgd med skytinga.

– Eg var langt frå like nervøs som på sprinten, og trefte på 19 av 20 skot, sa han til TV2.

Skiskyttarane skal i sving att førstkommande torsdag. Då står 20 kilometeren for tur, før det er 15 kilometer fellesstart søndag.

– Forma må bli betrakteleg betre om ein skal kjempe om medalje, vedgjekk Tarjei overfor TV2.