– Eg blir nok mykje borte – eg tippar over 200 reisedøgn frå mai til februar. Men det må til for å lykkast, seier Tarjei Bø.
Han har sett seg ned med NRK.no, og teiknar og forklarer korleis han ser for seg satsinga si fram mot OL i Sotsji. Der er planen å ta sitt aller første individuelle OL-gull – det einaste han manglar i premiesamlinga.
– OL skjer berre kvart fjerde år, og då må ein nytte sjansen når ein har den, seier Bø.
- LES OGSÅ:
Er viktig å treffe med OL-forma
Han er godt nøgd med korleis denne sesongen enda. Etter å ha slite med sjukdom under oppkøyringa, vart det januar før han fekk debutere i verdscupen.
Likevel: Det vart tre gull i VM. Og han avslutta med verdscupsiger i Holmenkollen.
– Sist det var OL, var eg læregut. Det vart gull på stafetten. Men no er det litt annleis. Eg skal vere blant dei beste, og lista ligg høgare, forklarer Bø.
- LES OGSÅ:
– Og ettersom det er fire år til neste OL, synest eg det vil vere lenge å vente på neste gullsjanse. Det er viktig å finne forma til rett tid, understrekar han.
OL-løypene som skapt for Bø
NRK-ekspert Halvard Hanevold trekkjer fram 24-åringen frå Stryn som ein av kandidatane til å stikke av med OL-gull. Han kan sjølv slå i bordet med OL-gull frå Nagano i 1998.
– Med to VM-gull frå før, har jo Tarjei vist at han kan vinne store konkurransar, seier han til NRK.no.
– Eg trur det blir avgjerande at han skaffar seg eit betre treningsgrunnlag enn fram mot VM i år. Det å halde seg frisk og få gjort eit godt grunnarbeid treningsmessig blir veldig viktig.
Hanevold legg til:
– Løypene i Sotsji passar Tarjei bra. Det er veldig mykje padling og tøffe løyper der. Om han har grunnforma inne, burde løypene passe han teknisk bra.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Må trene meir i høgda
Tarjei Bø har tidlegare vist at han er god på å treffe med forma under meisterskap. Det er ein viktig faktor bak dei to individuelle VM-gulla han har sikra seg – seinast i vinter.
Under NM på Dombås denne helga la han planane for satsinga fram mot OL i Sotsji.
– Oppkøyringa i år vart jo veldig spesiell, og eg fekk gjort lite høgdetrening. Det blir mykje meir inn mot OL, ettersom konkurransane skal gå føre seg på 1500 meters høgde, seier Bø.
HØYR TARJEI BØ FORKLARE FORMKURVEN FRAM MOT OL:
Varslar kynisme siste månaden
Fram mot OL har stryningen planar om å trene litt mindre enn tidlegare. Han vil likevel komme opp i 800 treningstimar på den fysiske biten, men målet er å ha meir overskot for å unngå sjukdom.
– Korleis ser du for deg formutviklinga mot OL?
– Mykje handlar om å få ein problemfri sommar og haust, slik eg ikkje fekk i fjor. Eg har lyst til å opne sesongen på eit høgt nivå fram mot jul. Så vil eg nok nedprioritere dei siste konkurransane fram mot OL.
- LES OGSÅ:
– Den siste månaden vil eg vere kynisk med tanke på OL, seier Bø.
– Vil gjerne vinne over draumane mine
OL-gullet på stafetten for tre år sidan var samstundes det første OL-gullet til Sogn og Fjordane nokon gong. Skulle Tarjei Bø også klare eit individuelt gull, vil det overgå alle andre prestasjonar i heimfylket hans.
Odd-Bjørn Hjelmeset vart ståande med OL-sølv på stafett og individuell bronse på femmila.
– Klart det hadde vore veldig spesielt. Men eg skal innrømme at eg gjer det mest for meg sjølv. Eg vil gjerne vinne over mine eigne draumar, seier Tarjei Bø.
- LES OGSÅ: