Hopp til innhold

No startar pengeinnsamlinga til Svein Bakke sitt minnefond

Eit knapt år har gått sidan Svein Bakke døydde. No arbeider kameratane iherdig for å stable minnefondet på beina.

Svein Bakke og Ingvar Stadheim

MINNEFOND: Ingvar Stadheim er styreleiar i minnefondet etter Svein Bakke. - Vi er optimistiske med tanke på å få inn pengar, seier han.

Foto: Paul Owesen / Noralv Pedersen / Scanpix/NRK

– Minnefondet vart etablert i sommar, og like etter fekk vi ei gåve av ein ven av familien og Sogndal Fotball, på 2,5 millionar kroner, fortel Ingvar Stadheim, som er styreleiar i stiftinga.

Den 16. desember 2015 døydde Bakke brått og uventa, 62 år gamal. På 60 og 70-talet var han ein nøkkelspelar for Sogndal, og seinare vart han ei viktig brikke i å bygge opp og profesjonalisere klubben. Stadheim fortel at det ikkje berre var i tippeligabygda han gjorde ein innsats for fotballen.

– I gravferda fekk vi høyre om alt han har bidrege med elles rundt om i fotballmiljøet. Han var veldig sosial, og hadde eit stort nettverk, så vi trur folk vil bidra til fondet.

Utdeling hausten 2017

Målsettinga for fondet er å gje eit større stipend til nokon frå Sogn og Fjordane, som gjer ein innsats for idretten.

Svein Bakke

SVEIN BAKKE: Han brukte heile livet sitt på fotballklubben Sogndal. Eit minnefond skal bidra til meir talentutvikling i fylket.

Foto: Endre Romøren/Sogn Avis

– Vi er opptekne av at det ikkje skal vere eit elitestipend til ein spelar. Vi vil gjerne dele ut ein større sum til å hjelpe leiarar, organisasjonar eller samanslutningar som gjer eit godt arbeid med talentutvikling. Dette skal ha meir varig verdi, og vi må ha ein sum som verkeleg bidreg, understrekar styreleiaren.

Sidan fondet vart oppretta har dei arbeidd med å få tak i kontaktopplysningar til dei som stod Bakke nær, og i desse dagar ligg brev og epostar klare der fondet oppmodar folk om å bidra med pengar.

– Vi er optimistiske. Svein var ein spesiell person i fotballmiljøet, seier Stadheim som reknar med første utdeling tidlegast kan skje neste haust.