Hopp til innhold

No snakkar alle med alle for å finne ei Fjord1-løysing

HERMANSVERK (NRK): I dag skal fylkestinget samlast for å avgjere om milliardverdiane i Fjord1 skal seljast, har politikarane gått frå bord til bord for å prøve å finne semje.

Politikarar ved eit bord

VIL FINNE SEMJE: Åshild Kjelsnes (Ap), Hilmar Høl (Ap), Gunhild Berge Stang (V), Alfred Bjørlo (V) og Stein Malkenes (MDG)

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

På Sognefjord Hotel, eit steinkast frå fylkestingssalen, har politikarane søndag vore samla i ulike møte og diskusjonar. Målet er klart; Å samle fylkestinget bak eit forslag om kva som blir skjebnen for Fjord1.

Men seint søndag kveld tyder ingenting på at det går mot noko semje mellom dei ulike blokkene i fylkestinget.

Vil køyre saka gjennom fylkestinget

NRK veit at fylkesordførar Jenny Følling (Sp) vil køyre hardt på for å få eit vedtak om sal av Fjord1-aksjane til Torghatten. Ho har støtte for dette frå KrF si gruppe og deler av Høgre-gruppa.

Høgre si gruppe sat søndag kveld lenge i samtalar for å prøve å lande eit felles syn, men ingen legg skjul på at særleg gruppeleiar Noralv Distad frå Aurland og Bjørn Hollevik frå Florø står imot kvarandre i synet på kva som bør skje med Fjord1.

– Nokon av oss er i alle fall samde, var Noralv Distad sin korte kommentar.

Prøver å finne eit fleirtal for utsetjing

Dei andre partia i fylkestinget er mykje meir usikre på kva som er den beste løysinga. Mykje tyder på det blir jobba for å skape eit fleirtal for å leggje heile Fjord1-saka på is, og i alle fall få ei utsetjing til neste fylkesting tidleg i desember.

– Eg oppfattar at det finst ein masse kloke folk i fylkestinget som er seriøst arbeidande og vil Fjord1 sitt beste. Difor vil eg tru at når vi alle får tenkt oss om og vi tek inn over oss røyndomen, så vil vi få til eit resultat som fellesskapet i fylket og fylkestinget kan stå rakrygga bak i åra framover, seier Stein Malkenes frå Miljøpartiet dei Grøne til NRK.

Vil ta saka til retten uansett

Per Sævik

RETTENS VEG: Per Sævik i Havila er klar på at han vil køyre saka for retten.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Per Sævik, som styrer 41 prosent av aksjane i Fjord1 gjennom Havila-gruppa med base på Sunnmøre, vonar at politikarane vil kome fram til ei semje.

Men han er uansett klar på at han vil at rettsvesenet skal avgjere striden om kven som får eige det verdifulle ferjeselskapet i framtida.

– Vi har varsla at vi er innstilt på å la retten avgjere dette. Det vil jo som kjend kunne ta lang tid på grunn at vi kanskje må gjennom alle tre rettsinstansane.

– Kva tykkjer om det som har skjedd i denne saka så langt?

– Det er veldig beklageleg at vi er komne opp i denne situasjonen. Vi har jo hatt fire år med rimeleg greitt samarbeid mellom Havila og fylkeskommunen, slik sett er dette ingen ønskesituasjon. Det må ikkje vere tvil om at vi aktar å stå løpet ut, slår Sævik fast.