Hopp til innhold

Flora-politikarane: Ikkje sel Fjord1

Alle partia i Flora, med unntak av FrP, krev at fylkeskommunen ikkje sel Fjord1 til Torghatten. Dei svært uroa for striden om forkjøpsrett og fryktar for arbeidsplassane.

MF Selje

ARBEIDSPLASSAR: - Vi trur at når leiinga sit ein annan stad i landet, så vil styringa av selskapet også bli flytta, seier Flora-ordførar Ola Teigen.

Foto: Rune Fossum / Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Salsprosessen slik han er i dag, er uheldig både med tanke på både arbeidsplassane i fylket, kva som er det beste for fylket og det beste for selskapet, seier Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) til NRK.

Hastemøtet kom i stand på kort varsel, etter at det torsdag blei kjent at fylkesrådmann Tore Eriksen rår fylkespolitikarane til å selje Fjord1 til Torghatten ASA.

I morgon skal fylkesutvalet kome med ei instilling før fylkestinget tek den endelege avgjerda om sal.

Torghatten ASA med hovudkontor i Brønnøysund er eit av dei største transportkonserna i landet med ei årleg omsetning på ca. 8,2 milliardar kroner og om lag 4500 tilsette. Fjord1 har hovudkontor i Florø, 1300 tilsette og omsette i fjor for 2,3 milliardar kroner.

Naturleg at arbeidsplassane blir flytta

Fjord1 er ein viktig arbeidsgjevar i kystbyen, og med unntak av Framstegspartiet er partia i Florø samstemte i frykta for at arbeidsplassane vil forsvinne.

– Om det skjer i morgon, neste år eller om to år veit vi ikkje. Men vi trur at når leiinga sit ein annan stad i landet, så vil styringa av selskapet også bli flytta, seier ordføraren.

Han grunngir frykta med å vise til samanslåinga mellom fylkesbaatane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, til selskapet som i dag heiter Fjord1.

Ola Teigen

ORDFØRAR: Ola Teigen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Når dei slo seg saman vart administrasjonen samla på ein stad. Vi trur det er naturleg at det same vil skje no. I dei fleste saker der eit selskap tek over eit anna, er ein ute etter synergiar, seier Teigen.

Konserndirektøren i Torghatten sa til NRK før helga at dei vil halde arbeidsplassane i Florø.

Redde for langvarig rettsstrid

Havilafjord er ein stor minoritetseigar i Fjord1, med sine 41 prosent. Havilafjord-eigar Per Sævik har forkjøpsrett på aksjande i Fjord1, men fylkesrådmannen meiner dei har sitt på det reine fordi dei vil selje selskapet gjennom holdingselskapet F1 Holding.

Sævik har varsla rettlsege skritt for å få nytte sin forskjøpsrett, og sa til NRK før helga at han vil ta saka til heilt til Høgsterett om det blir naudsynt.

Før helga varsla Arbeidapartiet at dei vil utsetje heile saka på grunn av uvissa om forskjøpsretten. Teigen og Flora-politikarane er også svært uroa.

– Striden må avklarast før fylkeskommunen sel sine aksjar. Vi er redd for ein rettsprosess som vil sveve i rettssystemet i årevis. Det trur vi er svært uheldig for utviklinga i selskapet. Avklaringane må gjerast i forkant - ikkje i etterkant, seier Teigen.

– Eg har snakka med alle parti frå Ap, Høgre, KRF og Venstre, og dei jobbar no for å påverke fylkespolitikarane sine i den retningen vi ønsker, legg han til.