Hopp til innhold

På turné for å sjekke DAB-nettet

Denne veka sjekkar Digitalradio Norge at DAB-dekninga er så god som den skal vere i Sogn og Fjordane.

Petter Hox, Tore Øvensen og Olav Fostås

DAB-TURNE: Petter Hox, Tore Øvensen og Olav Fostås.

Foto: Digitalradio Norge

– Vi gjer det av to grunnar. Vi har fått nokre publikumsklagar som vi vil finne litt meir ut av. Vi har studert det teoretisk utan å finne feil, så då vill vi sjekke det i praksis, seier Petter Hox som er radiodistribusjonssjef i NRK.

I tillegg skal dei inspisere utbetringar som dei har gjort sendenettet.

– Det eine er på Stadlandet og det andre er i Ytre Solund, seier Hox.

Før jul kom dei seks siste sendarane i Solund og på Stadlandet på plass, og Digitalradio Norge reknar no utbygginga av DAB-nettet i Sogn og Fjordane som ferdig. Både i Solund og på Stadlandet har frustrasjonen vore stor over manglande DAB-dekning . Det er framleis mogleg å ta kontakt dersom ein har problem med å ta inn DAB-radio.

– Det framleis mogleg å gjere det. Men dersom det er problem med mottak og slikt, så ynskjer vi at folk først og fremst tek kontakt med NRK publikumsservice, seier Hox.

Saman med Olav Fostås frå P4 og tidlegare sjefingeniør i NRK Tore Øvensen skal Hox no køyre frå Ålesund til Stavanger å sjekke DAB-nettet. Hox seier han no inntrykk av at det ikkje lenger er så mykje problem.

– Det er ikkje mange som tar kontakt lenger. Det er kanskje ikkje så rart at det er blitt færre for dei to siste åra har vi gjort ganske mykje. Men det kan vere stadar som vi ikkje veit om, men som vi burde visst om seier Hox.