Hopp til innhold

No kan alle i Sogn og Fjordane lytte til DAB-radio

Utbygginga av DAB-nettet i Sogn og Fjordane er ferdig. Nyleg kom dei seks siste sendarane i Solund og på Stadlandet på plass, og dermed fekk også dei siste grendene DAB til jul.

Vil ha DAB-dekning.

IRRITERTE: Folk på Stadlandet har vore leie av å vente på god radiodekning. Rolf Ervik (t.v.), Stig-Jarle Ervik og Jarle Teige stod nyleg fram og klaga på brotne løfter om tempoet på utbygginga av DAB-radio.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Spesielt på Stadlandet i Selje har dei vore kritiske til at dei ikkje fekk høyre på DAB-radio då FM-nettet vart sløkt 21. juni i år. Fleire innbyggjarar har klaga på at det har teke tid å få sett opp dei nye sendarane.

Seinast 12. desember stod tre innbyggjarar fram og etterlyste radiodekning. Det var spesielt i grendene Honningsvåg og Årvik at dekninga var dårleg.

– Det har veldig mykje med tryggleik å gjere. Her er veldig mykje båtar, og vi har jo ikkje så dårleg mobildekning at vi ikkje får inn vêrmeldingar andre stader, så Stig-Jarle Ervik til NRK den gongen.

Men no skal det vere slutt på tause radioar på Stadlandet i Selje og i dei delane av Solund kommune som har vore utan DAB-dekning.

Petter Hox

DAB-SJEF: Petter Hox er sjef for radiodistribusjon i NRK.

Foto: NRK

Sjef for radiodistribusjon i NRK, Petter Hox, vedgår at utbygginga tok lenger tid enn planlagt.

– Det har teke litt tid før alt var på plass. Dette er ikkje hyllevare, og det er mykje som skal på plass ein sendar skal monterast på ein lokasjon, forklarar han.

– Er det framleis område i Sogn og Fjordane der det bur fastbuande som ikkje har DAB-dekning?

– Det skal ikkje vere det, men eg kan ikkje utelukke at det kan vere behov for litt meir finpuss. Men ser på arbeidet med bygginga i Sogn og Fjordane som ferdig no, seier Hox.