Hopp til innhold

No opnar turisthyttene dørene

Lagera er fylt oppmed proviant, stiane er merka og bruene lagt ut. Kjenner du fjellet lokkar?

Østerbø turisthytte 2017

OPNAR: Aurlandsdalen turisthytte, før Østerbø Turisthytte, har opna dørene og er vertskapet er klare for å ta i mot turistar som skal gå aurlandsdalen i sommar.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

Med litt regn i lufta og varme frå bålet har Aurlandsdalen turisthytte, tidlegare Østerbø Turisthytte, opna dørene folk turglade menneske.

Turistforeininga tok jonsokfeiring og hytteopning i eitt denne helga. 24. juni er opningsdagen for hytter over heile landet.

– No har vi merka og sett opp vardar, rydda løyper, sett ut og reparert bruer, vaska hytter og fylt opp med proviant for ein heil sesong. Så no skal alt vere hundre prosent til gjestene kjem, seier Mari Stephansen frå Turistforeininga.

I Sogn og Fjordane opnar også Skogadalsbøen turisthytte i Årdal kommune. Der er det yoga på timeplanen for alle som har lyst å strekke slitne musklar etter tur.

Skogadalsbøen

SKOGADALSBØEN: Dei unge årdølene Ole Martin Moen og Trine Marie Johansen har sin første sommar som hyttevertar på Skogadalsbøen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mange skal på tur i sommar

Hyttevertane bur seg på ein travel sommar.

Ein undersøking turistforeininga har bestilt av TNS Gallup viser at 37 prosent av oss har tenkt til fjells i sommar. Spesielt vil dei unge ut i friluft. Heile 59 prosent seier dei vil bruke tid i fjellet i ferien sin.

I opningshelga for dei betente hyttene er vi er framleis tidleg i fottursesongen. Då det er lurt å sjekke føret før du legg ut på tur, fortel Mari Stephansen.

– Det er gode tilhøve dei fleste plassar, Over 1000 meter er det litt snø, så ver obs før du skal ut.

Aurlandsdalen

FRODIG: Tidleg på sommaren er fossane store og dalen grøn og frodig.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

Du kan finne føremeldingar for mange av dei kjende fjellområda på dnt.no sine nettsider.

Eit tips frå Mari Stephansen er å bruke høge fjellstøvlar, og ha med gamasjar om du skal gå høgt til fjells.

– Då kan du kome over snøparti utan å bli våt. Ute ved kysten i Sogn og Fjordane no er det flott og bart no. Der er det kjempetilhøve både for fotturar og turar med kajakk, seier Stephansen.

Jonsokfeiring Østerbø

JONSOK: Det vart jonsokfeiring fredag. Sjølve opningsfeiringa er laurdag.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

Feirar med natursti og spelemannslag

Frå jonsokfeiring med bål, skal dei som er med på opningshelga ta turen ned gjennom Aurlandsdalen. Den er kjend for sin frodige natur og mange fossefall.

– I dag har vi guida tur gjennom aurlandsdalen. For barna blir det natursti og leikar på Østerbø, og om kvelden kjem Aurland spelemannslag. Så det trur vi blir veldig kjekt, seier Stephansen.

  • Skal du til fjells i sommar? Del bilda frå fylket med oss på #nrksf!