Hopp til innhold

No må sjåførane skru opp lyden på bussen

SOGNDAL/LEIKANGER (NRK): Einar Fauske er avhengig av bussen for å kome seg på jobb, men det er vanskeleg å finne rett busstopp når han ikkje ser kvar han er og haldeplassane ikkje vert annonsert.

Einar Fauske på bussen

IKKJE REDD FOR Å SEIE FRÅ: Einar Fauske seier frå til bussjåføren om lyden er for dårleg, men av og til er det ikkje nok.

Foto: Sigrid Sivertsen Haugan / NRK

– Eg er såpass svaksynt at det ikkje er lett for meg å sjå kva haldeplass bussen kjem til, seier Einar Gutierrez Fauske.

Han er nyflytt til fylket og pendlar mellom Sogndal og Leikanger til jobb kvar dag. Fauske er heilt avhengig av at haldeplassar vert annonsert over høgtalaren for å vete kvar han skal gå av.

– I mange tilfelle har lyden vore så låg at det har vore umogeleg å få med seg det som har vore sagt, og i nokre få tilfelle har lyden vore skrudd heilt av, seier han.

Eit problem for mange

Fauske er ikkje åleine om å møte utfordringar i kollektivtransporten. Ei undersøking Norges Blindeforbund utførte i april/mai 2016 viser at 62 % av svaksynte meiner der er situasjonar der dei ikkje kan reise åleine. Buss er vanskelegast, og mangel på automatisert annonsering av haldeplassar er eit av dei største hindera.

Sverre Fuglerud, blindeforbundet

PROBLEM: Fuglerud trur mange støyter på same problemet som Fauske, men at få seier frå.

Foto: Ingar Næss

– Eg har høyrt ein del døme der personar ikkje vil ta buss i framtida på grunn av negative opplevingar. Dei har ikkje kome seg av på rett plass fordi det ikkje har vorte gjevne beskjed, seier Sverre Fuglerud, seksjonsleiar i Norges Blindeforbund.

Han trur lydglippen Fauske opplever skjer som følgje av tankeløyse, og at andre ikkje skjønnar kor viktige slike ting er.

Tide gjer grep

For Fauske blir det forhåpentlegvis ein enklare kvardag framover. Han tok saka i eigne hender, og sende skriv til fylkeskommunen.

– Dette er første klaga vi har fått på for låg lyd, seier Tide sin områdesjef i Sogn, Per Steinar Sviggum.

Per Steinar Sviggum

KLAGE: Tide har fått klage på lydnivå før, men då på at det var for høgt, seier Sviggum.

Foto: Sigrid Sivertsen Haugan / NRK

Lydannonsering på buss har vore eit krav sidan juni 2017, og Tide vil be sjåførane sine innfri dette.

– Vi må prøve å balansere det slik at det er tilstrekkeleg for dei som har behov, men ikkje er til unødvendig sjenanse for andre, seier Sviggum.

Etter at NRK Sogn og Fjordane tok kontakt med Tide for kommentar, så har også Fauske fått svar. Han er nøgd med at han framover ikkje risikerer å gå av på feil plass.

– Dette er ein sørvis, og ikkje berre for synshemma. Eg skulle tru at alle har glede av å vete kvar dei er til ei kvar tid!