Hopp til innhold

Tropisk storm gav sommar i sør

Alle fylka sør for Trøndelag fekk over 20 grader i dag. Årsaka er at restane av den tropiske stormen «Helene» er på veg inn over landet.

Barn bader i badevik i Etne

SOMMAR: Her frå ein rekordvarm maidag i Etne i år. I dag målte dei også varmast i landet.

Foto: Janne Nerheim

Den tropiske stormen har dei siste dagane herja ute i Atlanterhavet. No har den hissige dama passet dei britiske øyane, og tysdag passerer «Helene» Stad. Etterpå fortset ho til Norskehavet, der ho vil bli svakare.

Alle fylka sør for Trondheim fekk kjenne på sommarvarmen – altså temperaturar over 20 grader. Varmast var det i Etne i Hordaland, der gradestokken viste 25,1 varmegrader.

– 20 grader i september er jo ikkje uvanleg, men det er jo greitt å ta med seg for dei som er veldig glad i sommar og som har lyst til å halde på shortsen litt lenger, seier Gislefoss.

Høge temperaturar 18. september 2018

VARMT FØR STORMEN: Det kan bli svært høge septembertemperaturar i Sør-Noreg tysdag.

Kan bli orkan

Også onsdag vil verte ein mild dag, men temperaturane kjem til å vere eit par grader lågare enn tysdag. Og så kjem vinden. For når «Helene» er vekke, kjem eit lågtrykk frå vest som utviklar seg til eit stormsenter og passerar Stad onsdag kveld. Då kan den komme opp i orkan styrke.

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel på gult nivå og åtvarar mot kraftige vindkast på 25–35 m/s.

– I løpet av dei næraste dagane vil det bli mykje vêr i store deler av landet. På onsdag vert det mykje vind, spesielt på Vestlandet, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.

Farevarselet gjeld for Vestlandet, og prognosen syner at det er Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som vil få den sterkaste vinden langs kysten og i fjellet onsdag kveld og natt til torsdag.

Dermed tilrår Meteorologisk institutt at alle lause gjenstandar må sikrast.

Her held du deg oppdatert om kvar det kjem farleg vêr!

Laster Twitter-innhold

Turistveg blir stengd lenge

Uvêret har alt ført til dei første konsekvensane for vegane. Etter planen skulle ryddearbeidet på fylkesveg 55 over Sognefjellet ha starta no.

– Statens vegvesen får truleg ikkje sett i gang opprydding etter raset på fylkesveg 55 Sognefjellsvegen før i neste veke. Det er meldt sterk vind, nedbør og vekslande temperatur i fjellet i kring ei veke. Så lenge vêret er slik, er det ikkje forsvarleg å drive med arbeid i fjellsida, seier fungerande seksjonsleiar Marthe Tøsse Løvseth i Statens vegvesen.

Den populære turistvegen vart stengd då store steinar rasa ned i vegen i Bøverdalen sist fredag.

Tøsse Løvseth opplyser at det er vanskeleg å seie når vegen kan opne igjen, men ho utelukkar ikkje at det kan verte stengd også ut neste veke eller lenger.

Det blir vått

Men det kjem ikkje berre vind. Hausten har starta rimeleg vått mange stader i landet, og vi må bu oss på meir væte. Det ser ut til å kome 50–60 millimeter kvar dag på Vestlandet.

– Dette er jo mengder Vestlandet toler, men når det regnar over mange dagar vil jo naturen seie stopp til slutt, men førebels har vi sagt at dette toler vi.

Stormen "Helene"

HER ER STORMEN: Det er restane av denne kraftige stormen som vil treffe Noreg denne veka med kraftig vind og høge temperaturar.

Foto: Jose Romero / AFP

– Kan verke som vi vert straffa

– Det kan jo nesten virke slik at no vert vi straffa for den tørre sommaren, men statistikken fortel oss at det nødvendigvis ikkje er slik. Det at vi har hatt ein tørr sommar betyr ikkje at vi får ein kjempevåt haust. Vi har rett og slett statistikk på både det eine og det andre.

Elles er det austlendingane som slepp billegast unna også denne gongen.

– Det ver nok litt regn av og til her og, men her er det gode mogelegheiter for sol ut i veka.

I Nord-Norge vert det stort sett mykje gråvêr med regn og regnbyger og vind opp i sterk kuling på det meste.

Kristen og Kristian Gislefoss

SHORTSVÊR: Kristian Gislefoss (t.h) lovar både varme temperaturar og restar av tropisk storm.

Foto: Kamilla Pedersen / NRK