Hopp til innhold

No kjem slike dagar på rekke og rad

– Denne perioden skulle vi fått i sommar. Det var då vi hadde trengt den, seier statsmeteorolog Anne Mette Olsen.

Haustdag frå Kleivafjellet på Jølster

HAUSTDAG: Det blir mange sjansar til slike glimt dei kommande dagane. Biletet er frå Kleivafjellet på Jølster, og er delt med NRK sine lesarar av @froilandtonje.

Foto: @froilandtonje

Anne-Mette Olsen

METEOROLOG: Anne-Mette Olsen seier prognosane viser ei flott haustveke. – Men det blir nok ikkje sol frå skyfri himmel heile tida, seier ho.

Foto: privat

Det er mest som ein ikkje trur det ein ser på yr.no. Heile kommande veke ser ut til å bli den vêrmessig flottaste på lenge for innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

Det gjeld også for Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal.

– Ja, det ser rimeleg bra ut. Sjølv om det truleg ikkje blir sol frå skyfri himmel heile tida, seier vakthavande meteorolog Anne-Mette Olsen hos Meteorologisk institutt.

– Synd det ikkje er sommar

Har du fridagar til gode og kan ta dei på kort varsel, så kan kommande veke definitivt vere rette tida. For er det hagearbeid du skulle ha gjort, eller ein fjelltopp du skulle ha tatt, så skulle det vere gode sjansar til å gjere det utan å måtte speide etter våte dropar frå oven.

I alle fall fram til fredag.

Langtidsvarsel for Førde veke 39 2017

FØRDE: Slik ser langtidsvarselet for Førde ut kommande veke.

Foto: Skjermdump frå yr.no

Og skyer? I den grad det blir skyer, så blir det nok flest av dei i indre og ytre strok.

– Austavind er ein god retning for Vestlandet, men den gjer også at det lengst aust kan drive litt skyer inn. Men eg trur ikkje at det blir nedbør her heller, seier Olsen.

– Elles ser varselet for den kommande veka rimeleg bra ut, held Olsen fram og legg til:

– Det er synd at det ikkje er sommar. Det var då vi hadde trengd desse dagane. Då hadde vi ikkje mange godvêrsdagar.

Kaldt om natta

Septembervêret har vore vekslande og ikkje det verste så langt, med kortare periodar skikkeleg godt haustvêr. Men no kjem altså ein lengre periode med flotte haustdagar.

– Temperaturen blir ganske bra også, med over 20 grader måndag. Så går temperaturen noko ned til rundt 15–16 grader. Til gjengjeld blir det kaldt på natta, seier Olsen.

Ein må likevel opp i høgda for å finne minusgrader. Særskilt vind blir det heller ikkje.

– Det kan kanskje bli frisk bris utsette stader, seier Olsen.

P.S. Rogalendingane må nok vente litt lenger på godvêret enn resten av Vestlandet. Her er det venta noko nedbør i dag.

Langtidsvarsel for Stavanger veke 39 2017

STAVANGER: Slik ser langtidsvarselet for Stavanger ut kommande veke.

Foto: Skjermdump frå yr.no
Langtidsvarsel for Bergen veke 39 2017

BERGEN: Slik ser langtidsvarselet for Bergen ut kommande veke.

Foto: Skjermdump frå yr.no
Langtidsvarsel Ålesund veke 39 2017

ÅLESUND: Slik ser langtidsvarselet for Ålesund ut kommande veke.

Foto: Skjermdump frå yr.no
Langtidsvarsel for Molde veke 39 2017

MOLDE: Slik ser langtidsvarselet for Molde ut kommande veke.

Foto: Skjermdump frå yr.no