Hopp til innhold

Her kom det aller mest regn i sommar

Det vart ingen regnrekord for Bergen, men ein annan plass i byen toppar likevel sommarstatistikken. Sjå topp 20-lista her.

Kraftig regn på Gullfjellet i Bergen

DÅRLEG VÊR: Til og med sauene på Gullfjellet i Bergen har vore nøydde til å søka ly frå regnbyene i sommar.

Foto: Åge Algerøy / NRK

1145,7 millimeter.

Det er den våte fasiten for den plassen i Noreg som hadde mest nedbør denne sommaren.

Den staden er målestasjonen på Gullfjellet i Bergen, like ved grensa til Samnanger. Her var det soleklart våtast av alle målestasjonane til Meteorologisk institutt for juni, juli og august.

Klokka 08.00 31. august sluttar sommarstatistikken for meteorologane. All nedbør som kjem etter dette blir ført på septemberstatistikk.

På Vestlandet låg Bergen lenge an til å få sin våtaste sommar sidan målingane starta, men fint vêr denne veka øydelagde dei sjansane.

32 millimeter frå rekord

Nedbørsmengdene stoppa på 777,9 mm for sommarmånadane i Bergen sentrum. Med andre ord eit lite stykke opp til rekorden frå 1964, på 810 millimeter.

– Vi er vel eigentleg berre ei kraftig bye unna rekorden, seier meteorolog Lars Andreas Selberg ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Publikum på Bergenfest 2017

INGEN REKORD: Bergen var 32 millimeter frå å få tidenes våtaste sommar då målingane var ferdige.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Over 1,1 meter regn

Likevel fekk Bergen kommune landsrekorden, med 1145,7 mm på målestasjonen ved Gullfjellet.

– Heldigvis, ler Selberg og legg til at det er elles godt nytt for drikkevasskjeldene ved Gullfjellet. Vassdraga og vatna her forsyner store deler av Bergensregionen.

Gullfjellet har over 100 millimeter meir nedbør enn neste plass på topplista, Kritle i Etne i Hordaland.

Og det er i aller høgste grad Vestlandet som dominerer statistikken over nedbør sommaren 2017. Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane kaprar nesten alle plassane på topp 20-lista.

  • Sjå heile lista nedst i saka.

I tillegg har Bergen alt slått ein rekord denne sommaren, då det regna 26 døgn i strekk i juni.

Topp 20 i Norge

Førstekonsulent Lillian Kalve ved Vêrvarslinga seier at det er områda vest for Folgefonna i Hordaland som har fått den blautaste sommaren i år.

– Medan det til dømes i Hardanger, bak Folgefonna, har vore tørt og fint, seier Kalve før ho ramsar opp dei 20 våtaste stadane i Norge denne sommaren.

Her er heile lista:

Sommarnedbør i Norge 2017

STAD

FYLKE

NEDBØR I MM

1

Gullfjellet (Bergen)

Hordaland

1145,7

2

Kritle

Hordaland

1042,2

3

Hundseid i Vikedal

Rogaland

1004,9

4

Opstveit

Hordaland

881,4

5

Skredderdalen

Hordaland

827,1

6

Lurøy

Nordland

821,3

7

Haukeland - Storevatn

Hordaland

817,3

8

Brekke i Sogn

Sogn og Fjordane

799,1

9

Liarvatn

Rogaland

792,7

10

Sand i Ryfylke II

Rogaland

786,4

11

Eikemo

Hordaland

778,3

12

Bergen - Florida

Hordaland

778

13

Øvstedal

Hordaland

757,8

14

Hovlandsdal

Sogn og Fjordane

737,1

15

Maudal

Rogaland

726,9

16

Fossmark

Hordaland

725

17

Litledal

Hordaland

724,2

18

Søyland i Gjesdal

Rogaland

707,6

19

Frøyset

Hordaland

694,9

20

Eikanger - Myr

Hordaland

687,2

Ekspander/minimer faktaboks

Vått også i Oslo

Det er ikkje Bergen som har hatt det uvanleg vått av dei største byane i Norge. Også i Oslo og Stavanger har det kome langt meir enn det innbyggjarane er vande med. Også Trondheim har noko meir regn i år enn andre somrar.

  • Oslo (Blindern): 347,8 mm nedbør – 48 prosent meir enn normalt, men likevel eit stykke opp til rekorden frå 1950 på 461,9 mm.
  • Stavanger (Sola): 400,5 mm nedbør – 57 prosent meir enn normalt og den fjerde våtaste sommaren sidan målingane byrja.
  • Trondheim: 267,9 mm nedbør – 12 prosent meir enn normalt.
  • Tromsø: Slapp unna med 213,8 mm nedbør, noko som er 98 prosent av det normale.
Vått på Gullfjellet i Bergen
Foto: Åge Algerøy / NRK