NRK Meny
Normal

No kan du tene 100 kroner på éin søppelsekk

Naturvernforbundet startar ei panteordning for å rydde boss langs strender og vatn.

Store mengder plast og avfall langs kysten

ALVORLEG: – Held utviklinga med plast i naturen fram, vil det snart vere meir plast enn fisk i havet, seier Marit Bendz i Naturvernforbundet.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Plast i naturen er ein enorm trugsel, særskilt med tanke på alt liv i havet, seier Kristian Skjellum Aas i Naturvernforbundet.

No inviterer dei alle som ønskjer å rydde i naturen, 100 kroner for kvar fulle søppelsekk som blir samla inn.

Prøveprosjekt

Det er Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, saman med Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som har teke initiativ til dugnaden.

Rivjern

HÅPAR MANGE VIL RYDDE: Marit Bendz i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane vil betale alle som ønskjer å samle inn plast i naturen.

– Vi har fått 30.000 kroner til prosjektet, men vi håpar at vi kan utvide prosjektet til alle kommunar, då treng vi meir pengar. Vi brukar fort opp dei pengane på å betale pant. Men det er sjølvsagt det vil ønskjer, seier Bendz.

Ordninga gjeld førebels berre i Askvoll, Fjaler, Førde, Gaular, Hyllestad, Jølster og Naustdal kommune.

Vil rydde «heile» Norge

Kristian Skjellum Aas i Naturvernforbundet sentralt, seier han ikkje veit om prosjektet vil halde fram i resten av landet, men at han håpar på fleire liknande initiativ.

– Det håpar vi absolutt. Initiativet er kjempegodt. Alt som kan føre til mindre plast i naturen er bra.

Han seier Naturvernforbundet allereie er i gong med eit liknande prosjekt i Østfold.

– Alle innsamla søppelsekkar fungerer som lodd i eit stort lotteri, der folk kan vinne ulike premiar.

– Det er kjekt å sjå at mange engasjerer seg i dette. Den stranda kvalen på Sotra har heldigvis ført til at mange har fått auga opp for plast i naturen, seier Kjellum Aas.

– Snart meir plast enn fisk

Marit Bendz seier ho håpar mange ønskjer å vere med på dugnaden.

– Alle kan vere med. Vi håpar at både skuleklasser, lag og organisasjonar vil vere med. Men også privatpersonar, seier Bendz.

For å vere med, må ein registrere seg på nett. Sunnfjord Miljøverk IKS tek sjølv kontakt for å avtale korleis ein skal kvitte seg med avfallet.

– Det er kjekt å endeleg vere i gang. Det er skremmande det som skjer. Held utviklinga med plast i naturen fram, vil det snart vere meir plast enn fisk i havet.