Hopp til innhold

No kan du sjølv sjekke journalen din på nett

Frå og med i dag er pasientjournalen din elektronisk. Det betyr at det blir enklare å få tilgang til opplysingane frå sjukehusbesøket.

Førde sentralsjukehus

NYTT TILBOD: No blir sjukehusbesøka dine tilgjengeleg på nettet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dette er eit viktig steg i retning av å lage helsetenester meir retta mot pasienten, og få ein meir aktiv og opplyst pasient, seier Hans Johan Breidablik, som er fagdirektør i Helse Førde.

Alt i 1977 fekk du som pasient rett til å lese eigen pasientjournal, men fram til no har du måtta be sjukehuset om å få journalen på papir. Frå i dag av blir store delar av journalen gjort tilgjengeleg for deg på nett.

– Når folk slepp å ta kontakt med sjukehuset for å lese journalen sin, trur vi at det vil føre til at terskelen for innsyn blir lågare. Det er også mykje spart arbeid for oss, når vi slepp å hente fram opplysningar som pasienten sjølv kan finne på nett, seier Breidablik.

Populært i Helse Nord

I Helse Nord har pasientar allereie kunna lese journalen sin i nokre månader. Det har synt seg å vere langt meir populært enn venta. 100.000 personar har samtykka til å bruke tenesta, og rundt 2000 personar brukar den kvar dag

– Erfaringa så langt er at det har vore mykje brukt. Pasientane er interesserte i dette, og det tykkjer vi er positivt, seier Breidablik.

– Kva opplysningar der får vi no tilgang til?

Hans Johan Breidablik

PASIENTJOURNAL PÅ NETT: Hans Johan Breidablik er fagdirektør i Helse Førde

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– I den første lanseringa er det journalar som gjeld den somatiske delen av medisinen. Om lag 90 prosent av det som står der blir tilgjengeleg.

Grunnen til det er at ikkje alle datasystema som sjukehusa brukar er tilgjengelege enno.

– Det kjem nok etter kvart. Frå hausten av blir også den psykiatriske journalen tilgjengeleg på same måte, seier Breidablik.

I første omgang er det sjukehusbesøk etter 1. mars i år du kan finne i journalen din på nettet.

– Det er førebels ein diskusjon om journalar før dette tidspunktet også skal gjerast tilgjengeleg på same måten.

Forståeleg

Noko av det som har vore diskutert i forkant av at ein no opnar for elektronisk tilgang til journalane, er at dei kanskje ikkje er enkle å forstå.

– Nokre fagpersonar har frykta at dei skal verte møtte med mykje spørsmål frå pasienten om kva ting i journalen betyr. Erfaringa så langt er vel at det ikkje har resultert i mange spørsmål.

Ei anna side er at det kan føre til at journalane blir skrivne på eit meir folkeleg språk, og det er ikkje sikkert at det blir noko dårlegare av den grunn, seier Breidablik.