Hopp til innhold

No inntek gutane turnsporten

Frå å vere ein idrett for jenter, har turnsporten siste åra sett ein eksplosjon med utøvarar av det motsette kjønn. Med dobling frå nær 200 til over 400 aktive gutar.

Turnsporten har dei siste åra merka ein enorm oppsving i fylket, og i helga deltok 1.000 utøvarar på stemne i Høyanger.

Nytt er det at det stadig kjem fleire gutar til blant turnarane. Turnfilmar på internett kan vere ei medverkande årsak til at Gymnastikk- og Turnforbundet i Sogn og Fjordane merkar stadig aukande medlemstal.

Turnstemne i Vågsøy

NØGD: Kenneth Silden har i mange år vore trenar i Skavøypoll.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

– Eg merkar at våre turnarar – både gutar og jenter – ser veldig mange turnfilmar på nettet, men det gjer også vi trenarane. Spesielt filmar frå miljøet i Danmark, seier Kenneth Silden, som er trenar i Skavøypoll.

Dobling på ti år

NRK.no fortalde i fjor om ein særkrins i vekst med 1 806 utøvarar. I dag kan ein plusse på kring 100 turnarar.

Det er det høgaste medlemstalet Norge Gymnastikk- og Turnforbund Sogn og Fjordane har hatt sidan 1991. Og nær ei dobling sidan 2001.

– Eg har sjølv sett videoar frå stemne og konkurransar, og kan godt skjøne at ungdomen blir inspirert. Men det er jo alltid inspirerande å sjå ekstremt flinke turnarar, seier krinsleiar Janne Elin Alsaker.

Dobbelt så mange gutar på seks år

Men så var det dette med gutar. For også her har krinsen merka kraftig auke dei siste åra. Frå 2005 til 2011 gjekk talet frå 196 til 402 gutar i alderen 0–19 år.

Den prosentvis størst auken for perioden er i gruppa 13–19 år, der det gjekk frå 33 til 98 medlemer. Gruppa for 6–12 år dobla seg frå 123 i 2005 til 259 i 2010

17-åringen Martin Totland Haugen frå Eid vedgår at han er mellom fleire som søkjer inspirasjon frå nettfilmar. Han har drive turning sidan 3. klasse.

– Det er jo utruleg kjekt. Det er ikkje alle som driv med handball og fotball. Det finst andre arenaer å vise seg fram på, seier han.

Nettet inspirerer

17-åringen har sjølv søkt nettet etter turnfilmar for å få nye impulsar til akrobatiske sprell i gatene med «freerunning».

– Det går på alt frå kroppsgymnastikk til å hoppe ned frå veggar, bygningar, flips og saltoar. Så har du dette med «freerunning». Det bringer turnen ut i gatene og utanfor sjølve turnsalen, fortel Totland Haugen.

Saman med nokre kameratar deltok Totland Haugen i landsfinalen i UKM med «freerunning»-showet «Bursdagsselskap failed» i 2010. Dei fekk kulturpris og fekk mykje lokal merksemd. Noko som også kan ha medverka til auka interesse lokalt.

Trur på samanheng

Freerunning oppstod i urbane bymiljø, der utøvarar tek seg gjennom miljøet med akrobatikk. Det er ei vidareutvikling av den franske sporten «parkour» .

I helga var han også med turntroppen frå Stryn, Eid og Skavøypoll som henta heim tre av fire moglege gullmedaljar under eit turnstemne i Bergen.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Klart eg kan - Emilie skal på turnstemne

KLART EG KAN: Emilie skal på turnstemne.

– Filmane du ser på YouTube gir inspirasjon til å prøve nye ting. Det er alt frå kroppsgymnastikk til å hoppe ned frå veggar. Ja, eg trur faktisk at desse filmane kan tilskrivast at fleire gutar held på med turn, seier Totland Haugen.

Kan medverke

Stadig fleire turnarar, og stadig fleire gutar, er noko som gler krinsleiar Alsaker.

Samanhengen mellom medlemsauke og YouTube-filmane, er ho derimot usikker på. Sjølv vil ho tilskrive auken godt klubbarbeid og langsiktig satsing frå Gymnastikk- og Turnforbundet.

– Det blir jobba godt i veldig mange av våre klubbar, men det er klart at med YouTube spreier filmar seg fort, seier Alsaker og likevel ikkje ser ifrå at filmane kan vere både inspirerande og gjere at fleire generelt held fram med sporten.

– Tøffare for gutar

Alsaker trur det også kan vere ei medverkande årsak at sporten er blitt meir tilgjengeleg for gutar med innføring av trampett og tumbling for kring ti år sidan.

– Det var mykje meir gutar med før då ein turna i apparat, men så kom ein periode med aerobic og danseprega turn. Etter at ein starta opp att med trampett, tumbling og frittståande turn, så har det sikkert gjort at gutane tykkjer det er tøffare å drive med turn, ler Alsaker.

Reiser til Portugal

Turnstemne i Høyanger

TØFT: Grete Aud Totland er glad for å sjå aukande aktivitet i turngruppa, samt stadig fleire og fleire gutar.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

– Blant våre gutar, så er det slik at dei blir med søsken eller berre svingar innom på ei trening og tykkjer det ser gøyalt ut og vil prøve på det same, seier Grete Aud Totland, lagleiar i turngruppa i Eid. Ho er også mor til Martin Totland Haugen.

I dag tel gruppa 250 medlemer. Då dei starta med trampett- og tumbling for ti år sidan, var det 35 jenter med i gruppa.

– No er det absolutt mest gutar. Og når troppen reiser til Portugal i sommar, så er det kanskje 70/30 i favør av gutane, seier Totland og siktar til troppen som frå 14. til 20. juli deltek på turnstemnet Eurogym.

Ei veke med turn

Det er første gong at ein tropp frå Sogn og Fjordane reiser til stemnet som i år samlar 5.000 turnarar i alderen 13 til 25 år frå heile Europa. Av desse er 32 frå Sogn og Fjordane.

Etter det Totland kjenner til, er det første gong at ei gruppe turnarar frå fylket reiser til samlinga. Ho seier bakteppe for deltakinga er nye impulsar og nye idear.

– Turnarane samlast ei heil veke for oppvisning, workshop, å treffe andre og sjå kva dei driver med. Det er interessant å sjå kva nivå vi held i høve til dei andre europeiske turnarane.

Før den tid gjekk det ein periode i danseturn – med hovudsakleg jenter blant utøvarane.