STEMNING: Kring 800 deltakarar deltok på stemne. Det var ikkje berre turning som stod på programmet. Samlinga var også sosial.
SPREKE: - Tumbling og trampett er dei mest populære øvingane innan turn i gruppa fem til 18 år.
ALLSIDIG: Turn gir ei allsidig trening for små og store.
LEIK: Turninga fann også stad andre plassar enn berre under oppvisninga på mattene.
SOSIALT: Med godt humør og god stemning går det veldig greitt å ligge vekke ei natt eller to for å vere på turnstemne.
FULLT: Utøvarar frå Jotun, Årdalstangen, Høyang, Sandane, Førde, Måløy, Eid, Flatraket, Stryn, Skavøypoll, Sogndal og Lærdal deltok på stemnet i helga.
SUKSESS: - Vi har berre fått gode tilbakemeldingar, men no er stemnet blitt så stort at vi må la det gå ei stund før vi tek det på oss att, seier Kenneth Silden i turngruppa til Skavøypoll.
MANGE LAG: Defileringa talde 800 utøvarar og 12 klubbar.
LANG REKKJE: Gruppa til Høyang klar for oppvisningsstemne.
STOR STAS: Turngruppa til Måløy trengde ikkje reise så langt til årets oppvisningsstemne i turn.
MUSIKK: Korpsmusikk høyrer til med storstemne.
AKROBATISK: Turngruppa frå Førde tok i bruk bom.
TUMBLING: Øvinga er ulike øvingar på matte.
TRAMPETT: Øvinga trampett er med ei lita trampoline. Her har krinsen og klubbane vore flinke på å gjennomføre sikringskurs.
FENGJANDE: - Trampett og tumbling fengjer spesielt bra for born i alderen fem til 18 år, meiner krinsleiar Janne Elin Alsaker.
TØFT: - Tøft, spanande og kjekt, trur eg er stikkorda for at turnidretten er i frammarsj, meiner krinsleiar Janne Elin Alsaker.
FÅR KM: Til hausten får turnmiljøet i fylket sitte eige KM att. Det er mange år sidan sist.