NRK Meny
Normal

No forlèt fylkesmannen fylket

Fylkesmann Anne Karin Hamre har i dag vorte utnemnd til ekspedisjonssjef for regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Fylkesmann Anne Karin Hamre

HAR FÅTT NY JOBB: Fylkesmann i Sogn og Fjordane Anne Karin Hamre har fått ny jobb i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det opplyser fylkesmannen i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Hamre, som har vore fylkesmann i Sogn og Fjordane i sju år, skal frå 13. august til 2. november ha studiepermisjon for å delta på sjefskurset ved Forsvarets høgskule. Ho vil difor ha sin siste arbeidsdag på fylkesmannskontoret 10. august.

Hamre skal likevel delta på avslutningsmarkeringa for Sogn og Fjordane fylkesmannsembete i Balestrand 9. november.

Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid har blitt beden om å fungere som fylkesmann frå 13. august og fram til samanslåinga av fylkesmannsembeta i Sogn og Fjordane og Hordaland 1. januar 2019.

Vegopning på Bergum i Førde kommune