Hopp til innhold

No får du pasientjournalen din på nett

Frå mai bli journalen din elektronisk, noko som betyr at det blir enklare å få tilgang til opplysningane frå sjukehusbesøket.

Førde sentralsjukehus

NYTT TILBOD: Alle besøka dine hos spesialisthelsetenesta i Helse Vest etter 1. mars, har du snart tilgjengeleg på nettet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Helse Vest er det andre helseføretaket i Norge som startar med det nye tilbodet. IKT-sjef Frode Schanke i Helse Førde meiner det er eit godt tiltak for pasientane.

– I dag er det slik at dersom ein pasient ynskjer å sjå journalen sin, må ein kontakte sjukehuset for å få ei papirutskrift.

På nettsida Vestlandspasienten.no skal pasientar frå mai kunne logge seg på for å få tilgang til sine eigne journaldokument frå sjukehusbesøk. Utrullinga skal vere ferdig 19. september.

Det er i første omgang besøk i spesialisthelsetenesta etter 1. mars i år, som blir tilgjengeleg på nettet.

Elektronisk journal

Til forskjell frå den såkalla kjernejournalen, er det berre pasienten sjølv som har tilgang til opplysningane på denne sida.

– I første omgang blir det for besøk du har hatt på sjukehusa i Helse Vest. Frå før har Helse Nord innført same ordning, slik at har du vore pasient der, så får du tilgang til journalen din der også, seier Schanke.

Nasjonal løysing

På sikt reknar Schanke med at dette blir ei nasjonal løysing, slik at ein kan få tilgang til journalane sine frå alle helseføretaka.

– Erfaringa frå Helse Nord er at dette er at det blitt godt motteke, men det er for tidleg å konkludere enno.

– Kva moglegheiter har pasientane til å eventuelt endre på opplysningar i journalen?

– Av og til kan ein pasient ynskje å endre på noko som står skrive i journalen, og slik sett blir det lagt til rette for at ein kan ta kontakt med sjukehuset for å få endra eller sletta ting, seier Schanke.