Hopp til innhold

No er vegen mellom Florø og Grov open for trafikk

Riksveg 5 mellom Florø og Førde er open att etter at eit steinras har stengd vegen sidan fredag ettermiddag.

Ras

FRI FERDSEL: Etter oppryddinga på rasstaden på riksveg 5 kan trafikken gå som normalt igjen.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Det er no manuell dirigering og det vil vere ei ventetid på 15 minutt. Frå klokka 16 vil det vere fri ferdsle på vegen, seier trafikkoperatør Jan Erikstad på Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Etter ei vurdering klokka 13 fekk bilane som stod i kø sleppe gjennom og køyre forbi rasstaden. Rett etter dette vart vegen på ny stengd grunna ei steinblokk i fjellsida som hadde kilt seg fast.

– Det var ei steinblokk vi måtte fjerne før vi kunne opne vegen heilt, seier Erikstad.

Det var i går ettermiddag det gjekk eit steinras ved Grov på riksveg 5 mellom Florø og Førde. Sidan då har vegen vore stengd.

I dag har geolog vore på staden. Før vegen kunne opnast måtte store steinblokker i fjellsida fjernast. Etter ei ny vurdering av fjellsida laurdag ettermiddag kunne geologen opne vegen for trafikk.

Les også: Rasstengd veg er open ein halv time – før den stenger att

Ras

OPPRYDDING: Mellom 30 til 50 kubikk med masse rasa ned på vegen.

Foto: TRULS KLEIVEN

Florø med sine 9000 innbyggjarar var isolert under vegstenginga, og det var lange køar etter stenginga.

Den einaste måten ein kom seg til kystbyen på var sjøvegen eller med fly. Både i går kveld og på føremiddagen har det blitt sett opp ekstra båtruter til og frå Florø.