Hopp til innhold

Dei tok over suksessprogrammet - no er dei nominerte til pris

– Vi er utruleg stolte, strålar Arve Uglum. I dag vart «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» nominert til «Gullruten».

Arve Uglum og Torje Bjellaas

DUO: Arve Uglum og Torje Bjellaas har begge jobba ei årrekkje i NRK Sogn og Fjordane og har mellom anna produsert serien Fjellfolk på NRK1.

Foto: Privat

Duoen Arve Uglum og Torje Bjellaas tok over programkonseptet etter Oddgeir Bruaset.

I dag fekk produksjonsteamet stadfesta at dei har servert varene til det norske TV-publikum. «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er nominert i kategorien Beste magasin- eller livsstilsprogram.

– Vi trudde jo ikkje det var mogleg å vidareføre konseptet med same namn, så planen var å følgje grunntanken og pakke det inn på vår måte. Det betyr veldig mykje for oss at våre eigne fagfolk tykkjer om det, seier Uglum.

– I godt selskap

Dei nominerte til årets «Gullruten» vart presenterte i dag under ein pressekonferanse i Oslo. Prisutdelinga er den gjævaste prisen for norsk tv-bransje. Utdelinga i år skjer 13. mai i Grieghallen i Bergen.

Uglum vil ikkje spekulere i eigne vinnarsjansar.

– Vi er i godt selskap. Det er mange som lagar bra fjernsyn. Men så er eg jo eit konkurransemenneske. Det hadde vore utruleg kjekt å vinne, seier han og legg til.

Over 400 bidrag

– Men for å vere heilt ærleg, så har eg så stor tru på det vi lagar at eg hadde blitt skuffa om vi ikkje vart nominerte.

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» har gått på NRK1 sidan seinhausten 2002. Seks år seinare fekk den Gullruten for beste magasin- eller livstilsprogram.

Over 400 bidrag er vurdert opp mot dei ulike kategoriane i år.

– Det er eit utruleg trongt nålauge å bli nominert, så eg trur vi eigentleg skal vere veldig glade og stolte for at vi er nominerte, seier han.

Har halde tett

Uglum og Bjellaas fekk vite om nominasjonen onsdag.

– Mine næraste er klar over det, men slik er journalistlivet. Det er ikkje første gang ein har måtte halde på noko til ein viss deadline. Men så er vi vestlendingar. Vi likar ikkje å slå oss på brystet og fortelje kor gode vi er. Det får andre gjere, humrar Uglum.