Hopp til innhold

Ver forsiktig med host og hark – influensasesongen har starta

Det verker i musklar og hovud hos feberslappe kroppar over det ganske land. – Influensautbrotet er i gang, konstaterer Ragnhild Tønnesen i Folkehelseinstituttet.

Hoster

INFLUENSA: Nær 1,6 millionar nordmenn har auka risiko for komplikasjonar av influensa.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Veka før jul vart det brått fleire pasientar med influensaliknande sjukdom på norske legekontor. Delen med positive prøvar er også aukande.

Øystein Furnes i Førde kommune

KOMMUNEOVERLEGE: – Pass godt på handhygiene når ein er i kontakt med andre menneske. Vask hendene godt. Skal du hoste eller nyse, gjer det inn i olbogen, rår kommuneoverlege Øystein Furnes.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Ifølgje Folkehelseinstituttet sin første vekerapport for året, er det flest influensasjuke i Troms og Finnmark, med Vestland og Rogaland på dei neste plassane.

– Vi er i starten, og ventar ein topp rundt vinterferien. Det er vanleg influensasesong utan dei store endringane i viruset, men ein kan bli veldig sjuk av viruset også, seier kommuneoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord kommune i Vestland.

Toppen i februar

Som i fjor er det influensavirus type A som får flest utslag på prøvane, der subtype H3N2 er vanlegare enn H1N1.

Influensaliknande sjukdom til og med veke 1.

AUKAR: Figuren viser del legebesøk for influensaliknande sjukdom siste åra.

Foto: Folkehelseinstituttet
Ragnhild Tønnesen

VIL STIGE: – Det er vanskeleg å seie når toppen kjem, men vi ventar at tala vil halde fram med å stige, seier Ragnhild Tønnesen, seniorrådgjevar i Folkehelseinstituttet.

Foto: Folkehelseinstituttet

Region Vest har høgast del pasientar med influensaliknande sjukdom, med ein del på 1,8 prosent. Landssnittet er 1,4.

– Det er veldig mange virus i omløp i år, og spesielt to som utmerker seg. Eitt går spesielt på eldre, medan eitt går på borna, seier seniorrådgjevar Ragnhild Tønnesen hos folkehelseinstituttet.

Blir fort sjuk

Influensaen kjem ofte som «julekvelden på kjerringa». På berre få timar kan ein gå frå å vere frisk og rask, til å kjenne seg sjuk. Hovudsymptoma er feber, tørrhoste, muskelsmerte, hovudpine og slappheit.

Ifølgje folkehelseinstituttet er mageplage sjeldne, men kan førekome spesielt hos born.

For dei som blir sjuke, har Furnes følgjande råd:

– For folk flest, så er det viktigaste å ta det roleg, halde seg heime frå jobb nokre dagar, drikke godt, ta paracet og la det gå over av seg sjølv, seier han.

1.000 døyr

Men for enkelte kan sjukdomen bli ein kamp på liv og død.

– I snitt døyr kring 1.000 personar årleg av influensa på landsbasis. Det er særskilt dei svekka grupper, eldre eller folk med alvorlege grunnleggande sjukdomar som får dei alvorlegaste tilfella, seier Furnes.

– Ein kan framleis vaksinere seg, men det er byrja å bli litt seint, legg kommuneoverlegen.

Ein million vaksinar

Denne sesongen er det sendt ut over ein million dosar influensavaksine. Av desse gjekk over 800.000 til målgruppene for vaksinasjon, noko som er ein auke på over 13 prosent frå i fjor.

Per 8. januar var nær 590.000 registrert som vaksinerte mot influensa.

– Førebels ser vi at vaksinen ikkje har treft optimalt. Den gir ein beskyttelse, men ikkje så godt som i fjor, seier Furnes.

Influensasesongen 2020 er i gang. Slik var situasjonen i veke 1

I GANG: – Influensaen er i gang i alle fylke, konkluderer Folkehelseinstituttet. Troms og Finnmark har hatt kraftig auke i influensaliknande sjukdom sidan veke 50 (0,4).

Foto: Folkehelseinstituttet