NRK Meny
Normal

Etter fire år i sjefsstolen trur han no på nye 100 år med aluminiumsproduksjon i Norge

Han gjekk inn som toppsjef i Hydro då pessimismen rådde. No er karmøybuen Svein Richard Brandtzæg med sterke band til Sogn, blitt optimist med tanke på framtida for den viktige aluminiumsindustrien.

Brandtzæg

OPTIMIST: Svein Richard Brandtzæg har snudd frå å vere pessimist til nøktern optimist på vegner av norsk aluminiumsproduksjon.

Foto: TOM HANSEN / FOTOGRAF TOM HANSEN

– Synet på aluminiumsproduksjon i Norge har endra seg både eksternt og internt i selskapet i løpet av dei siste åra. For ein fem-seks år sidan så var det nok ganske mykje pessimisme fordi ein såg at Norge utvikla seg på fleire områder i negativ retning i forhold til å vere konkurransedyktig på aluminium, seier Brandtzæg.

Vi møter den mektige konsernsjefen på det store kontoret på Hydro sitt hovudkontor på Vækerø rett utanfor Oslo. Sivilingeniøren med kjemi som fag smiler, vel vitande om at alt han seier blir vurdert og notert av folka på golvet i dei vestnorske industristadane. Utan Hydro hadde det knapt vore noko av mellom anna Årdal, Høyanger, Karmøy og Sunndalsøra.

Det er veldig dyktige folk som jobbar på fabrikkane våre, alle har lyst å gjere ein god jobb og det er veldig viktig for leiarane å vere klar over at vi har kjempedyktige folk med oss

Svein Richard Brandtzæg

Frå sommarjobb til toppsjef

– Ein ting er jo at eg har erfaring sjølv med arbeid på golvet. Eg var cellepassar då eg hadde sommarjobb i 1979. Då var eg student og skulle tene pengar til studia. Det første som eg la merke til var den stoltheita i organisasjonen blant operatørane over å gjere ein god jobb, fortel Brandzæg om bakgrunnen frå den industrien han no er toppsjef for.

– Eg var veldig imponert over mine kolleger kor dyktige dei var, og eg såg at her var det operatørar som var like intelligente som leiarane rundt omkring, og som hadde ein fantastisk kunnskap om prosessane. Men dei var også utruleg gode til å samarbeide. Det var jo situasjonen på Karmøy, seinare så hadde eg jo sommarjobb i Årdal, og det var jo akkurat same inntrykket eg hadde der.

– Kva seier det om dine tilsette?

– Det er veldig dyktige folk som jobbar på fabrikkane våre, alle har lyst å gjere ein god jobb og det er veldig viktig for leiarane å vere klar over at vi har kjempedyktige folk med oss. Alle har lyst å bidra, og det er viktig for leiinga å leggje forholda til rette slik at dei kan bidra på mest mogleg måte.

Når vi har sett oss ambisisøse mål for verka, så er jo det med tanke for at vi skal drive aluminiumsverka i lang framtid

Svein Richard Brandtzæg

Mykje metall på lager

Ulasteleg kledd i skjorte og slips stiller Svein Richard Brandtzæg i eliteserien blant norske industrileiarar. Og mange meiner at han har spelt offensivt i ei tid der konkurransevilkåra for norsk industri har vore vanskelege gjennom fleire år.

– Når vi har sett oss ambisisøse mål for verka, så er jo det med tanke for at vi skal drive aluminiumsverka i lang framtid. Vi er i ein situasjon der aluminiumsprisen er historisk låg, og også vil vere ekstremt låg i ei tid framover grunna overproduksjon og rekordhøge lager. Det er om lag 12 til 13 millionar tonn aluminium på lager i verda i dag, fortel Brandtzæg.

Han sler fast at dette kastar ein skugge over prisutviklinga framover, men at skal hugse at den store endringa i løpet av dei siste seks åra i Norge til det positive gjeld kraft.

– Vi har gjort analysar på kraftsida og ser at kraftprisen i Norge utviklar seg annleis no enn det gjorde for fem-seks år sidan, og det gjev absolutt grunn til optimisme for oss. Fordi kraftprisen har eit så sterkt innslag på kostnadane på aluminiumsproduksjon. Det utgjer mellom 30 og 50 prosent om ein ser på verdsbasis. Om vi framover no får konkurransedyktige kraftprisar, så er det grunn til å vere mykje meir optimistisk med tanke på vidare aluminiumsproduksjon i Norge.

Brandtzæg

MEKTIG LANDSKAP: I toppetasjen på Hydro sitt hovudkontor på Vækerø utanfor Oslo regjerer Svein Richard Brandtzæg.

Foto: TOM HANSEN / FOTOGRAF TOM HANSEN

– Positivt for Årdal

– Hydro har jo varsla store investeringar på Karmøy og investering i ny teknologi i Høyanger. I Årdal meiner mange at det burde vore deira tur. Kva tenker du om det?

– No vil desse planane vi har også ha positiv innverknad på Årdal. For det første så blir det jo Årdal som kjem til å levere anodar til ein pilot på Karmøy, om vi får det til. Det er framleis ein del som skal til før i kjem i mål med den. Den støypeteknologien som vi no innfører i Høyanger, som er verdsleiande ny teknologi for valseblokker, den ønskjer vi jo også å få overført til Årdal, seier Brandtzæg.

Fagforeningsleiarar og politikarar har rasa mot Hydro-leiinga for at Karmøy kom først i køen for ei ny storsatsing. Ein kritikk som konsernsjefen tek til seg, men han peikar sterkt på at Årdal i dag det han kallar verdas beste forskingssenter for elektrolyse, vegg i vegg med fullskala produksjon.

– Det er klart at dei forskarane der kjem til å bli veldig opptekne av å utvikle neste generasjons elektrolyseteknologi framleis. Vi har ambisjonar om å vere det selskapet som produserer aluminium med lågast energiforbruk i heile verda. Dit er vi på veg i dag.

Det er jo akkurat nye 100 år som er stikkordet for det vi har jobba med dei siste åra. Få på plass ambisjonane for selskapet i Norge, og også koble det mot utviklinga på kraftsida

Svein Richard Brandtzæg

Tøff start i sanden

– Samstundes så har jo Hydro valt å investere stort i Quatar. Om du ser attende på den investeringa i dag, var det eit fornuftig val å investere så mykje pengar i ørkenen i Quatar?

– Det har vore ein tøff oppstart av verket i Quatar. Vi mista jo til og med straumen der nede, det er det verste som kan skje eit aluminiumsverk. Men når vi ser korleis verket fungerer i dag, spesielt i den situasjonen som er i dag med svært låge prisar, så er det jo Quatalum som har størst inntening. Det har blitt ei pengemaskin.

I stor grad var det tilsette frå aluminiumsverka på Vestlandet som bidrog med kompetanse då Hydro satsa milliardar på det store verket i den arabiske ørkenen.

– Teknologien er utvikla i Årdal, det er norske operatørar frå alle verka våre som har vore med og starta dette store verket i sanden i Quatar. Det produserer no meir enn planlagt kapasitet og går veldig bra. Quatalum styrker heile selskapet. Særleg i ein situasjon der aluminiumsprisen er så låg at det er nesten ingen aluminiumsverk som tener pengar, så har vi alle fall eitt verk som genererer kontantar inn i kassen til Hydro.

Nye 100 år er stikkordet

– Men gjev dette ein positive effektar i høve til dømes verka på Vestlandet?

– Det at Hydro blir større og sterkare er viktig for alle. Det at vi har sterke einingar som er strategisk plassert rundt i verda. Det er ingen hemmelegheit at den einaste grunnen til at vi er i Quatar er at vi har ein ekstremt låg kraftpris. Det at vi posisjonerer oss rundt i verda, styrker også våre verk ved Sognefjorden.

– Aluminumsverka har i snart 100 år bidrege til ein solid økonomi i små lokalsamfunn på Vestlandet. I Høyanger er dei i full gang med planlegging av eit storslege jubileum. Men vil det sølvgrå metalle vere like viktig i nye 100 år?

– Det er jo akkurat nye 100 år som er stikkordet for det vi har jobba med dei siste åra. Få på plass ambisjonane for selskapet i Norge, og også koble det mot utviklinga på kraftsida. Vi har kraftproduksjon til om lag halvparten av det vi produserer i Norge i dag, resten har vi då i form av kontraktar frå utsida. Dei kontraktane går ut i 2020 og det er veldig viktig for oss no få på plass nye kontraktar etter 2020, som gjer at vi kan drive i mange, mange år framover. Våre ambisjonar er at vi skal kunne drive alle våre aluminiumsverk også etter det, i veldig mange år.

Brandtzæg

ANGRAR IKKJE: Hydro brukte milliardar på å byggje Quatalum-verket i Quatar. I dag har det blitt ei pengemaskin for Hydro.

Foto: TOM HANSEN / FOTOGRAF TOM HANSEN

Sterke band til Vestlandet

Sjølv etter mange år i hovudstaden flyt karmøydialekta framleis fritt frå Svein Richard Brandtzæg sin munn. Og sjølv om jobben som toppsjef i Hydro bringer han verda rundt, så er banda til Vestlandet framleis like sterke.

– Eg har jo sterke band til Sogn. Eg traff jo min kjæreste då i 1981 då eg hadde sommarjobb på Årdal verk. Ho var lossearbeidar på kaia, og første gong eg såg ho var ho heilt svart etter å ha lossa bek. Eg såg jo at dette var ei tøff jente som eg var interessert i og no har vi altså vore saman i 32 år, gift i 31 år. Eg har jo ei dotter som er fødd på Lærdal sjukehus, så det er jo ein ekstra tilknytning.

Minst like knytta er han til den vesle bygda Ortnevik i Høyanger kommune, trygt plassert under dei mektige fjella i Stølsheimen.

– Eg hadde svigerforeldre som ferierte i Ortnevik, difor har kona mi røter der. Då eg var i Ortnevik første gangen såg eg jo ein drøymestad. Så det varte ikkje lenge før vi gjekk i gang med planar om å få byggje vår eigen feriestad der. For meg er Ortnevik den beste plassen eg kan reise til. No reiser eg jo verda rundt, men det er ikkje tvil. Ortnevik er drøymestaden å kome til for meg.

No reiser eg jo verda rundt, men det er ikkje tvil. Ortnevik er drøymestaden å kome til for meg

Svein Richard Brandtzæg

– Det er eit stort ansvar

Den mektige Hydro-sjefen fortel om fjellturar i Stølsheimen, med utsikt 1000 meter ned til Sognefjorden. Djupvassfiske i den flottaste fjorden i verda, bading og aktivitetar.

– Eg trivst så godt i Ortnevik at på tunge tider på vinteren så tenkjer eg på dei flotte opplevingane eg har der. Då blir eg i godt humør.

I godt humør var han også tidlegare i sommar då sonen hans gifta seg med ei jente frå Høyanger, nettopp i Ortnevik.

Små lokalsamfunn er også det som pregar kvardagen for dei fleste som jobbar i Hydro. Og Brandtzæg har ingen problem med å innsjå at han som konsernsjef sit med svært mykje makt i høve samfunnsutviklinga i til dømes Årdal og Høyanger.

– Det er eit stort ansvar, og det er jo også med audmjukheit eg har ein maktposisjon som har ganske stor påverknadskraft på viktige lokalsamfunn som Hydro har godt samarbeid med, og som vi skal ha eit godt samarbeid med i mange, mange år framover.

– Må vere konkurransedyktige

Han sler likevel fast at det å skape verdiar også for selskapet er både naudsynt og heilt sentralt i hans arbeid.

– Vi er nøydde til å vere konkurransedyktige. Om vi ikkje har lønsemd på våre einingar, så har vi ikkje noko framtid uansett. Vi kan ikkje leve av subsidiar og difor er eg glad for at vi har lukkast med våre forbetringsprogram. Vi har lukkast med å bli meir effektive og meir produktive. Difor er eg veldig glad for at vår vi har sett opp vår agenda for Hydro sine nye 100 år, så inneber det framleis drift på alle våre aluminiumsverk i Norge.

Livet på toppen er tøft, men han ser uforskamma sprek ut der han sit ved konferansebordet på kontoret på Vækerø. Kanskje er det den nyvunne optimismen som sler gjennom.

– Eg er betydeleg meir optimistisk i dag enn eg var for for 5-6 år sidan.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.